Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Vossestrand

Sivle Gard

  • Stalheim, Voss
  • +47 95783274
  •  /  km From You
Overview
Meeting Facilities

Sivle er ein gamal verneverdig gard, som ligg på Stalheim, i UNESCO sitt verdsarvområde.

Kårastova på Sivle er nyrestaurert, huset er i frå om lag 1750. Huset var opprinneleg ei tømrastova.

Frå langbordet i stova kan du nyta eit fantastisk utsyn, med Stalheimskleiva under og Stalheimsgrenda og Brandsetdalen midt i mot.

I fyrste høgda kjem du inn i ein romsleg gang, med skifer på golvet og med varmekablar.
Kjøkkenet har fin innreiing med integrert
oppvaskmaskin og kjøleskap, og er godt utrusta med ymse dekketøy og hjelpemidlar. Stova har langbord, vinkelsofa, og det er vedovn til å fyra i.
Badet har toalett, dusjkabinett og vaskemaskin, varmekablar i golvet.

I andre høgda er det 3 soverom.
Soveromma har tilsaman 7 sengeplassar med gode madrasser. I tillegg kan ein utvida med 2 sengeplassar i stova
(vinkelsofa ).

Allsidig økologisk gardsdrift
med sauahald, høns og hest.

Garden ligg i Nærøydalen Landskapsvernområde, som er på UNESCO si verdsarvliste. Det er rik flora, fauna og eit mektig kulturlandskap.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
Facility Info
  • Antall senger 9
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 50' 46" N / 6° 40' 56" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad