VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland VOSS

Sivle Gard

  • Stalheim, Vossestrand
  •  /  km From You
Overview
Details

Overnatting på eit gammalt gardstun frå 1700-talet på Stalheim, midt i den storslagne naturen i UNESCO sitt verdsarv-område.

Mellom høgreiste fjell og djupe dalar på Stalheim, tek vertinna dykk med inn i Per Sivle sitt rike. Dette området som diktaren henta inspirasjon og trødde sin barneår, er i dag ein del av det sermerkte Vestnorsk fjordlandskap, som er på Unesco si verdsarvliste.

På Sivle kan de nyta storslagen natur, krydra med forteljingar, dikt og song. Her kan de få nyta god heimelaga tradisjonsmat, der mykje av råvarene vert produsert på garden. Vertinna på Sivle gjer alt for at gjestene skal få gode og ekta opplevingar.

Overnatting og utleige:
Kårastova på Sivle er nyrestaurert, huset er i frå om lag 1750. Huset var opprinneleg ei tømrastova, som seinare vart påbygd og heva i 2. høgda. Me har fått fram att ein del av dei gamle tømraveggane, slik at me viser det gamle kombinert med dagens standard. Frå langbordet i stova kan du nyta eit fantastisk utsyn, med Stalheimskleiva under og Stalheimsgrenda og Brandsetdalen midt i mot.

I fyrste høgda kjem du inn i ein romsleg gang, med skifer på golvet og med varmekablar. Kjøkkenet har fin innreiing med integrert oppvaskmaskin og kjøleskap, og er godt utrusta med ymse dekketøy og hjelpemidlar. Stova har langbord, vinkelsofa, og det er vedovn til å fyra i. Badet har toalett, dusjkabinett og vaskemaskin, varmekablar i golvet.

I andre høgda er det 3 soverom, det raude rommet har ei 120 seng, det blåe rommet har 1 enkelseng og 1 120 seng, og det grøne rommet har 1 dobbelseng (150). På gangen er det skåp som gjestene kan nytta. Soveromma har tilsaman 7 sengeplassar med gode madrasser. I tillegg kan ein utvida med 2 sengeplassar i stova (vinkelsofa).

Mat:
Gjestene steller seg sjølve, men kan bestilla mat som dei får servert i gamlastovo frå 1500-talet om ynskjeleg. I dag driv me garden økologisk, dyrkar forskjellige grønnsaker, poteter, bringebær, jordbær, rips og solbær. I tillegg til at me haustar av det naturen har å by på, av bær, sopp og grønne vekstar. I tillegg driv me med sau, og har ein fjording som deltek i gardsdrifta, og som me brukar på kløvhestturar. Sivle Gard har store og gode utmarksressursar som er viktig når ein driv med sau. Stølen til Sivle Gard ligg i Berdalen, der sauene går på gode fjellbeiter heile sommaren. Kjøt frå lam og vilt foredlar me, og nyttar i serveringa på Sivle.

Kontakt Sivle Gard på randi@sivlegard.com eller på +47 95783274 for å bestilla overnatting eller middag!



  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss

Generelt

Landskap
  • Fjellområde
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages