Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Loen

Skåla

  • Tjugen, Stryn
  • 57 87 40 54
  •  /  km From You
Overview
Details

Det store høgdepunktet Skal ein til topps her i livet, må det motbakkar til. For å nå toppen av Skåla (1848 m), må du gå den lengste i landet. Gull av gråstein! Skåla - den vakre giganten av eit fjell - ruvar over Loenbygda. Ein god sti, bygd for hand, snirklar seg gjennom den grove steinura. 1848 vertikale meter frå fjordkanten. Skålatårnet er ei ubetjent DNT-hytte utanom det vanlege for dei som vil ha ei overnatting eller lage seg ein kaffikopp på toppen. Den var opphavleg bygd som eit sanatorium, og kuren er framleis effektiv: Det finst ikkje noko som gjer deg friskare enn fjordutsikt og  svalande bris frå Jostedalsbreen.

Gull av gråstein! Skåla - den vakre giganten av eit fjell - ruvar over Loenbygda. Ein god sti, bygd for hand, snirklar seg gjennom den grove steinura. 1848 vertikale meter frå fjordkanten. Skålatårnet er ei ubetjent DNT-hytte utanom det vanlege for dei som vil ha ei overnatting eller lage seg ein kaffikopp på toppen. Den var opphavleg bygd som eit sanatorium, og kuren er framleis effektiv: Det finst ikkje noko som gjer deg friskare enn fjordutsikt og svalande bris frå Jostedalsbreen.

Dette er ein spektakulær topptur med utsikt over fjord, fjell og isbrear som tradisjonelt er rekna å være den toppturen i Norge med størst høgdeforskjell frå fjord til fjell. På dei gamle hellelagde stiane og steintrappene er det ei kulturoppleving å vandre her, med fantastisk fjordnatur på alle kantar. Du kan overnatte i tårnet på toppen. Turen passar for normalt godt trente.

Det er ikkje krav om spesialutstyr på denne turen. Ta med varme klede og nistepakke for ein dag ute i naturen.

Næraste stoppestad for offentleg transportmiddel (buss) er Loen. Hit er det god korrespondanse med buss frå Oslo og Bergen. Lokale bussar frå knutepunktet Stryn fleire gongar dagleg. Om ein ynskjer taxi til startpunktet kan dette bestillast. Loen ligg 11 km frå Stryn sentrum, og viss du køyrer bil tek du av mot Lodalen, og køyrer 1 km til du kjem til Tjugen og startpunktet for turen. Parkeringsplass.

Turen startar frå Tjugen ca 2 km frå Loen, nesten inne ved Lovatnet. Her finn du informasjonstavle om turen. Turen startar på traktorveg, og går over på sti eit stykke oppe i skogen. God sti heile vegen. Nokre stadar er stien hellelagt, og når du kjem høgt opp går stien over i steintrapper. Stien er merka heile vegen. På toppen av Skåla er du 1848 meter over havet.

Skålatårnet - Norges mest spesielle turisthytte

I 1891 blei det bygd eit rundt tårn med ei tre-etasjes køyeseng med tilsaman 22 sengeplassar. Opphavsmannen var doktor Hans Henrik Gerhard Kloumann, med rekreasjon for kropp og sjel som grunnlag for byggverket. Frå heimen på Faleide hadde han ei vakker utsikt innover fjorden med den dominerande Skåla i bakgrunnen. Skåla er rekna som Norges høgaste fjelltopp som har foten i sjøen. Skålatårnet er ei sjølvbetjent DNT hytte, og er utvilsomt Norges, eller verdas mest spesielle turisthytte. Spektakulær utsikt i alle retningar gjer dobesøk på nattestid til ei uforgløymeleg oppleving.

Skålabu - Skålatårnet si lillesøster

Hausten 2016 fekk Skålatårnet ei lillesøster - Skålabu. Den nye hytta har to plan. Første etasje rommar eit stort opphaldsrom kombinert med kjøken, fire soverom, eigen avdeling med tørrdo og eit lager for proviant. Andre høgda har ei open hemsløysing. Totalt er det 20 sengeplassar i den nye hytta. Reknar vi med tårnet er det sengeplass til 41 turgåarar på Skåla no. Hytta er sjølvbetent. Skålabu kan nyttast heile året, medan Skålatårnet blir stengt i vintersesongen for å unngå frostsprenging. Skålatårnet og Skålabu er drive av Bergen og Hordaland Turlag. Bygginga av Skålabu har fått mykje merksemd. Møt han som bygde den, "Villmannen på Skåla" (nrk.no).  

Skåla Opp - Norges tøffaste motbakkeløp

I alle år har Skåla vore eit populært fjellmål, og mange har sprunge opp bakkane for å slå rekordane som går på folkemunne. Kvart år vert motbakkeløpet Skåla Opp arrangert i midten av august. Skåla Opp er Norges og Nord-Europas tøffaste motbakkeløp. Arrangør er Loen Idrettslag og Loen Active. Både konkurranse- og mosjonsklasse.

Overnatting i Loen

Det er mange overnattingsmoglegheiter i Loen. Hotel Alexandra er kjent som eit av landets beste hotell, og ligg berre 2 km frå startpunktet for turen. Frå Loen og oppover i Lodalen er det mange campingplassar og hytter. 

Film frå Skåla:

Vandring til Skåla 

Cole Rise/Matador Network: Hiking to Mt. Skåla

Ny turisthytte på Skåla

Omvisning i den nye hytta

Angåande overnatting i Skålatårnet

https://www.bergenoghordalandturlag.no/priser-overnatting/

 


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Ekspert
Landskap
  • Fjellområde
Årstid
  • Høst
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Vandring
Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Utendørs parkering - mot avgift

Facts

Effort Level
Expert
Duration
5-12 hours
Lansdscape
Mountain area
Season
Summer
Click to activate
Stryn, Norway
The latitude and longitude
61° 52' 1" N / 6° 52' 53" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad