Stranda

Skarbø Ost & Sidersafari

  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 90781881

  • Bygdavegen 335

    Stranda, Møre og Romsdal

    Vis i kart

Gardsbesøk med omvising i frukthage, sideri, ysteri og gardsbutikk. Smaking av sider og ost er inkludert.

I sommar kan du på utvalde dagar besøke Skarbø Gard og smake på produkta. Ein i familien tek deg med til den økologiske eplehagen, og viser rundt i sideri og ysteri. Du får høyre historiene bak, og sjå korleis både sider og ost vert laga.

Inkludert

Inkludert er smaking av fem sidrar (eller eplemostar), saman med ostar frå garden. Etter turen er det høve til å handle med seg ost, most og sider ifrå gardsbutikken.

På garden

Det bur forresten både kyr, kalvar, kattar og høner på Skarbø, og det er godt mogleg du får treffe nokre av dei på vandringa i tunet.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre