Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Morgedal

Skimaking-Morgedal Ski

  • Vårstaulvg 2, Kviteseid
  • +47 95241315
  •  /  km From You
Overview

Morgedal SKI lagar flotte ski i tradisjon etter Sondre Norheim som vil vera som eit lite kunstverk på veggen. Ynskjer du ski med eit eige særpreg gjer me det i samråd med dykk. Me held òg kurs dersom du vil lage dine eigne ski.

Skimaking – Morgedal SKI

Sondre Norheim, fødd i Morgedal i 1825, var ein "frikar" på ski. I tillegg til å vera ein framifrå skiløypar, var han òg med på å utvikle skiutstyret.

Hælbinding og innsvinga ski var med på å legge grunnlaget til den moderne skisporten slik me kjenner han i dag.

I Morgedal kan du oppleve denne unike skimakartradisjonen slik han var for meir enn 150 år sidan. Terje og Tarjei i Morgedal SKI produserer den originale telemarkskia lik den Sondre laga og løypte på. Skia kan brukast eller hengje som eit lite kunstverk på veggen. Ynskjer du ski med eige særpreg gjer me det i samråd med deg.

Har du lyst til å lage dine eigne treski og sjølv skape det særpreget som dei ulike skimakerane hadde kan du kontakte oss for eit kurs. 

Kontakt Tarjei Gjelstad for meir info.

tarjei@morgedal.com, tlf. 95241315

www.morgedal.com og www.vtm.no


Morgedal Ski på Facebook


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark
Click to activate
Kviteseid, Norway
The latitude and longitude
59° 28' 39" N / 8° 25' 8" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad