Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hardangervidda Vinje

Skinnarlandsamlinga

  • Skinnarlandsamlinga, Vinje
  • +47 35 06 90 90
  •  /  km From You
Overview
Details

Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland og ein kopi av atelieret hans i Rauland.

Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) og ein kopi av atelieret hans i Rauland.

I tillegg er det kvart år nye sær- og salsutstillingar. Knut Skinnarland (1909-1993) Knut Skinnarland var av dei fremste norske bilethoggarane i sin generasjon. Han vart fødd på Rauland, og var bl.a. på husflidsskule på Dovre i 1933-35. Seinare gjekk han på kunst- og handverksskule og kunstakademi i Oslo og København. Knut Skinnarland debutera på Haustutstillinga i 1945. Frå 1948 var han knytt til restaureringsarbeidet av Nidarosdomen og utførte om lag 30 arbeider der Abraham og Isak på Vestfronten kanskje er det mest kjende. Av arbeid elles kan ein nemne fiskarmonumentet i Ålesund og i Akureyri på Island, monumentet over A.O. Vinje og over Sondre Nordheim. Knut Skinnarland var lærar ved Akademiet på Rauland 1978-80, og fekk Telemark fylke sin kulturpris i 1979. Særutstilling Kvart år er det ein særutstilling ved Skinnarlandsamlinga, med verk av aktuelle kunstnarar som også er til sal. I 2017 viser salsutstillinga verk av Elisabeth Werp. Tilskipar er Nærstyret og vener av Skinnarlandsamlinga. Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising utanom sesong.

E-post: post@vtm.no Tlf: 30509090


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Familievennlig

Planlegg reisen

Tjenester
  • Familievennlig
  • Gratis WiFi

Aktiviteter

Fornøyelsesparker
  • Familievennlig

Opening hours

1. jan 2017 – 31. des 2017:
Daily: 24 hours
25. jun 2017 – 15. aug 2017:
tirs ons tors fre lør søn 11:00–17:00
See All
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad