Skjåk

Skjåk Adventure

Bestill
  • Send oss en epost

  • +47 47261672

  • Lundahaugan 12

    Skjåk, Innlandet

    Vis i kart

Skjåk Adventure er ei aktivitetsbedrift i Skjåk som tilbyr naturbaserte opplevingar som rafting, juving, elvebrett, ducky-turar og paintball. Dei legg til rette for trygge og spanande aktivitetar for familiar, grupper og firma.

Skjåk Adventure tilbyr turar for alle nivå – frå familiar med små born til dei som vil utfordre dei villaste stryka. I tillegg til rafting tilbyr Skjåk Adventure juving, riverboarding, ducky-turar og paintball i ekte skogsterreng - aktivitetar som er perfekt for vennegjengar, utdrikningslag, bursdagar og firma-arrangement. Skjåk ligg sentralt mellom Aust- og Vestlandet, med kort veg til både Geiranger, Lom og Sjoa. Skjåk Adventure har si base ved Ofossen Mølle, ei historisk mølle frå1885, som framleis i drift. Dette er eit flott utgangspunkt for rafting, kajakk, hydrospeed og ducky – med det kjende stryket Ofossen rett ved. Skjåk Adventure skreddarsyr opplegg som passar deg og din gjeng, med fokus på tryggleik, meistring og gode naturopplevingar.

Kilde: Visit Jotunheimen AS