Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Skjåk

Skjåk Adventure

Bestill
Skjåk Adventure

Skjåk Adventure er ei aktivitetsbedrift i Skjåk som tilbyr naturbaserte opplevingar som rafting, juving, elvebrett, ducky-turar og paintball. Dei legg til rette for trygge og spanande aktivitetar for familiar, grupper og firma.

Skjåk Adventure tilbyr turar for alle nivå – frå familiar med små born til dei som vil utfordre dei villaste stryka. I tillegg til rafting tilbyr Skjåk Adventure juving, riverboarding, ducky-turar og paintball i ekte skogsterreng - aktivitetar som er perfekt for vennegjengar, utdrikningslag, bursdagar og firma-arrangement.

Skjåk ligg sentralt mellom Aust- og Vestlandet, med kort veg til både Geiranger, Lom og Sjoa. Skjåk Adventure har si base ved Ofossen Mølle, ei historisk mølle frå1885, som framleis i drift. Dette er eit flott utgangspunkt for rafting, kajakk, hydrospeed og ducky – med det kjende stryket Ofossen rett ved.

Skjåk Adventure skreddarsyr opplegg som passar deg og din gjeng, med fokus på tryggleik, meistring og gode naturopplevingar.


Kilde: Visit Jotunheimen AS

Skjåk Adventure

Bestill

Sider du nylig har besøkt