Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Skjåk

Skjåkmat | Mat frå Skjåk

Book

Skjåkmat er ein lokalmatprodusent i fjellbygda Skjåk, som produserer eit rikt utval av kvalitetsmat under merkevara "Mat frå Skjåk".

Skjåkmat produserer eit rikt utval av kvalitetsmat under merkevara "Mat frå Skjåk". Dei har vunne ei rekke prisar og er godt kjende for sin heimelaga spekemat. 

Skjåkmat er dreve som ei familiebedrift av Sissel og Per Ivar Brenna, som òg driv Skjåk turistheim og Skeid kro. Produkta deira blir selde under varemerket «Mat frå Skjåk». Alt er laga etter gamle oppskrifter, tilpassa nye og meir moderne produksjonsmetoder, samtidig som dei tek vare på dei handtverksmessige tradisjonane. 

​​​​​​Fjellbygda Skjåk ligg lengst vest i Ottadalen, og er kjent for sine lange mattradisjonar. Bygda er frå naturen si side forsynt med eit rikt spiskammers, og det nyttar Skjåkmat med respekt og omtanke i alle sine produkt. Når det kjem gjester til gards, skal det likaste på bordet – og det skal vere rikeleg. Skåkmat prøvar å utvikle nye og spanande produkt med inspirasjon frå mange forskjellege matkulturar. Dei har heile tida fokus på å lage alle produkta på ein rein og naturleg måte,  og bruke dei beste råvarene som til ein kvar tid er tilgjengelige. Skjåkmat ynskjer å ta vare på  - og vidareutvikle dei rike mattradisjonane i Skjåk. 

For Skjåkmat er ikkje kvalitet eit krav, men ein nedarva del av kulturen deira. 

Den velkjente Skjåkpølsa:
Eit av dei mest kjente produkta frå Skjåkmat er "Skjåkpølsa". Ho blir produsert i haust- og vintersesongen utan bruk av startkultur. Det er dei naturgjevne klimaforholda i Skjåk, saman med lang erfaring og spisskompetanse, som gjev Skjåkpølsa ein distinkt og ettertrakta smak.

Last updated: 01/12/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Skjåkmat | Mat frå Skjåk

Book

Sider du nylig har besøkt