Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Sognefjorden Aurland

Skjerdal Stølsysteri og Kafe

  • Skjerdal, Aurland
  • +47 94829431
  •  /  km From You
Overview

Skjerdal Stølsysteri og Kafe

Skjerdal Stølsysteri og Kafe er ein levande støl med ca 75 geiter, killingar, sauer og hestar. Geitene gir melk til stølsysteriet som yster tradisjonell kvit og brun geitost.

Her kan du helse på geitene og få ei omvisning på stølen med budeiene og på kafeen får du  stølskost. Vi serverer tradisjonelle melkekaker med ein smak av den osten vi lagar, kaffe/te og økologisk eplesaft frå garden.

Turen frå garden Skjerdal opp til stølen tek ca 30 min og passar for alle, men har du dårlege kne kan det vere litt for hardt. Turen går på traktorveg og er lett å følge.

Kafeen er open 1. juli – 30. august. Opningstid: 10.00- 18.00

 

Skjerdal - snuplass og parkering. I Skjerdal ligg garden vår og 2 andre gardar i eitt tun. Her er det snuplass og besøkande kan køyre hit, men det er fint om de kan parkere på tilvist gjesteparkering.

Type tur: Vandring  Skjerdal – Skjerdal Stølsysteri ca 30 min. Du kan og fortsette turen vidare inn dalen t.d. til Fjellstølen, eller ta ein topptur til Skulenosi, Leimsnosi eller Blåskavlen.

Alternativ 1: Guida tur med Fjordsafari https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/basic-fjordsafari-og-vandretur-til-geitestolen-leim-p853603

Alternativ 2: Sykle til Skjerdal og vandre

Alternativ 3: båt eller kajakk til Skjerdal Kai. Turen frå kaien opp til Skjerdal stølsysteri tek ca. 1 time og 30 min. Stien går opp gjennom hagen til sommarhuset Bygningen og du kjem opp til ein stikkveg som fører opp til hovedvegen til Skjerdal. Følg vegen til Skjerdal og traktorvegen vidare til Skjerdal Stølsysteri og Kafè.

 

Avstander: Aurland- Skjerdal: 6 km. Skjerdal - Skjerdal stølsysteri og kafe: 1,5 km

Passer for : Alle  MEN, har du dårlege kne eller liknande, vil stigningen vere for hard

 

Område: Aurland

Sesong: 1. Juli – 30. August

Kontakt og Booking: Anne Karin Hatling: 94 82 94 31

Meir info: www.skjerdal.com


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages