Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
  • Overnatting

    Scandic Hotels - i alle landets store byer

    Nordic Choice Hotels - en annerledes hotellkjede

    Thon Hotels - fantastisk frokost

    Radisson Blu Hotels - finn dine favorittreisemål

    Citybox - moderne lavprishotell med sentral beliggenhet

    DanCenter - din feriehusekspert i Norge

    Norgesbooking - finn en koselig hytte til norgesferien

    Campcation –  Bestill camping over hele Norge med Campcation

  • Transport

    Vy - det har aldri vært enklere å reise med tog

    SJ NORD - opplevelsen starter på toget

    Vy express - reis med buss over hele Norge

    NOR-WAY Bussekspress - bussreiser i hele Sør-Norge

    DFDS - ta den behagelige sjøveien fra København til Oslo

    AutoEurope - stort utvalg og uslåelige priser

    Rent-A-Wreck - det smarte leiebilvalget

    Arctic Campers - lei din bobil eller camper

    Nordic Campers - den beste måten å se Norge på!

    Cabin Campers - nasjonalromantisk opplevelse på fire hjul

  • Reiser og rundturer

    Hurtigruten - "Verdens vakreste sjøreise"

    Authentic Scandinavia - spennende norgesreiser

    Up Norway - skreddersydde reiser

    Norrøna Hvitserk - ekspedisjoner og eventyrreiser

    Brim Explorer – Stille fjordturer med elektrisk katamaran

    Fjord Tours - opplev Norge i et nøtteskall® med kun én billett

    Fjord Travel – Bærekraftige flerdagsturer

    Go Fjords - Turer og aktiviteter over hele Norge

    Discover Norway - opplevelser i Norge. Ferdigpakka ski-, sykkel- og fotturer

    Norwegian Holidays - pakkereiser til lave Norwegian-priser. Fly, hotell og leiebil

    Expa Travel - Ekte opplevelser

    Booknordics.com - aktiviteter, safarier, turer, hytter og opplevelseshotell

    Stromma - sightseeingturer og opplevelser med buss, båt og tog.

  • Offers

Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland BØMLO

Skjergardsturen 138 km

  •  /  km From You
Overview

Om: Skjergardsturen er ein rundtur på sykkel, som er 138 km lang. Den er innom desse plassane: Mosterhamn/Rubbestadneset – Brandasund – Leirvik – Fitjar – Bekkjarvik – Hufthama. Ruta går i eit variert kystlandskap langs asfaltert veg med høvesvis liten biltrafikk. Skjergardsturen har ein ferjetur (mellom Sandvikvåg kai, Fitjar og Husavik kai Austevoll). Om ein ynskjer kan ein nytte snøggbåten mellom rutene, sjå www.skyss.no på Sunnhordlandsruta for å planleggje turen og kombinere med snøggbåt.   Start/mål: Skjergardsturen har start i Mosterhamn eller på Rubbestadneset på Bømlo. Den avsluttast på Hufthamar/Austevoll. Hurtigbåt går innom både Rubbestadneset og Hufthamar, samt Bergen om ein ynskjer å ha Bergen som start/stoppestad. For rutetabell sjå Sunnhordlandsruta på www.skyss.no. Det er og mogleg å avslutte i Haugesund.   Familievennlig: Ruta er lettsykla. Passar ikkje for mindre barn på eigen sykkel.   Skilting: Ruta er ikkje skilta med sykkelskilt. Hardangerfjordekspressen som går i rute mellom Bergen – Flesland – Os- Rosendal gjer det enkelt å nå Rosendal på under 2 timar. Sjå www.rodne.no for rutetabell Rutebeskildring Turen er på 138 km og passar godt å ta over 3-5 dagar. Mosterhamn – Rubbestadneset 25 km: Om ein kjem til Mosterhamn følg rv 542 nordover, gangsti einskilde strekningar. Ved Stokkajuvet tunnel er det eit godt alternativ utanom. Følg skilting mot Rubbestadneset. Rubbestadneset – Brandasund – Svortland ca 40 km: Frå Rubbestadneset til Brandasund er det 22 km. Ruta går 3 km tilbake langs vegen frå Rubbestadneset, deretter tvers over øya til Svortland/Bremnes. Fylkesvegen nordover til Brandasund er variert og morosam å sykle, smal og kupert i enkelte parti. Vegen går over fleire øyer med bruer mellom og det er god sikt utover skjergarden. Den idylliske gamle gjestgjevarstaden Brandasund heilt ute i havgapet har butikk og serveringsstad. Retur same vegen til kommunesenteret Svortland/Bremnes. Avstikkar kan takast til Hiskjo – vestnorsk kystlandskap på sitt barskaste og mest sjarmerande. Svortland – Leirvik 37 km: Frå Svortland ta sydover mot Mælandsvåg og Sakseid (11 km). Vegen er smal og svingete og ein del kupert, men flott for sykling. Etter Sakseid austover mot Håvik (6 km) og Trekantsambandet. Trekantsambandet har gode sykkelvegar over bruene, og er ei turoppleving i seg sjølv. Ved Heiane næringsområde følg sykkelskilting nr.1 mot Leirvik sentrum. Leirvik – Fitjar ca 30 km: Frå Leirvik følg sykkelskilting (nasjonal sykkelveg nr. 1) til Heiane og Fitjar. I Sagvåg kan du ta av til Litlabø og vitja eit tidligare gruvesamfunn for utvinning av svovelkis, no museum. Etter Sagvåg er resten av denne strekninga meir kupert. Ved Storavatnet i Fitjar går ruta på vestsida av vatnet, småkupert og med flott utsikt vestover. I nordenden av vatnet er ein fin badeplass med toalett. Følg sykkelskilting (nr. 1) mot Fitjar/Bergen til Fitjar sentrum. Fitjar – Bekkjarvik – Hufthamar 31 km: Frå Fitjar sentrum til ferjeleiet Sandvikvåg er det 7 km. Ferja til Husavik tek 20 minutt. Følg skilting til venstre mot Bekkjarvik. Bekkjarvik er ein idyllisk gamal handelsstad der det er fint å ta seg ein rast – eventuelt overnatte. Frå Bekkjarvik kan du ta ein avstikkar, og sykla over Selbjørn, og over bruene til Stolmen og Kvalvåg. Nordover til Storebø følg rv. 546 på vestsida av Huftarøy. Kommunesenteret Storebø har servicefunksjonar. Frå Hufthamar kan du ta ein avstikkar til Austevollshella og sykle heilt vest på øya til Store Kalsøy og Kalve. Alternativt avslutte turen og ta hurtigbåten til Bergen.

Om:

Skjergardsturen er ein rundtur på sykkel, som er 138 km lang. Den er innom desse plassane: Mosterhamn/Rubbestadneset – Brandasund – Leirvik – Fitjar – Bekkjarvik – Hufthama. Ruta går i eit variert kystlandskap langs asfaltert veg med høvesvis liten biltrafikk. Skjergardsturen har ein ferjetur (mellom Sandvikvåg kai, Fitjar og Husavik kai Austevoll). Om ein ynskjer kan ein nytte snøggbåten mellom rutene, sjå www.skyss.no på Sunnhordlandsruta for å planleggje turen og kombinere med snøggbåt.

 

Start/mål: Skjergardsturen har start i Mosterhamn eller på Rubbestadneset på Bømlo. Den avsluttast på Hufthamar/Austevoll.

Hurtigbåt går innom både Rubbestadneset og Hufthamar, samt Bergen om ein ynskjer å ha Bergen som start/stoppestad. For rutetabell sjå Sunnhordlandsruta på www.skyss.no.

Det er og mogleg å avslutte i Haugesund.

 

Familievennlig:

Ruta er lettsykla. Passar ikkje for mindre barn på eigen sykkel.

 

Skilting:

Ruta er ikkje skilta med sykkelskilt.

Hardangerfjordekspressen som går i rute mellom Bergen – Flesland – Os- Rosendal gjer det enkelt å nå Rosendal på under 2 timar. Sjå www.rodne.no for rutetabell

Rutebeskildring

Turen er på 138 km og passar godt å ta over 3-5 dagar.

Mosterhamn – Rubbestadneset 25 km: Om ein kjem til Mosterhamn følg rv 542 nordover, gangsti einskilde strekningar. Ved Stokkajuvet tunnel er det eit godt alternativ utanom. Følg skilting mot Rubbestadneset.

Rubbestadneset – Brandasund – Svortland ca 40 km: Frå Rubbestadneset til Brandasund er det 22 km. Ruta går 3 km tilbake langs vegen frå Rubbestadneset, deretter tvers over øya til Svortland/Bremnes. Fylkesvegen nordover til Brandasund er variert og morosam å sykle, smal og kupert i enkelte parti. Vegen går over fleire øyer med bruer mellom og det er god sikt utover skjergarden. Den idylliske gamle gjestgjevarstaden Brandasund heilt ute i havgapet har butikk og serveringsstad. Retur same vegen til kommunesenteret Svortland/Bremnes. Avstikkar kan takast til Hiskjo – vestnorsk kystlandskap på sitt barskaste og mest sjarmerande.

Svortland – Leirvik 37 km: Frå Svortland ta sydover mot Mælandsvåg og Sakseid (11 km). Vegen er smal og svingete og ein del kupert, men flott for sykling. Etter Sakseid austover mot Håvik (6 km) og Trekantsambandet. Trekantsambandet har gode sykkelvegar over bruene, og er ei turoppleving i seg sjølv. Ved Heiane næringsområde følg sykkelskilting nr.1 mot Leirvik sentrum.

Leirvik – Fitjar ca 30 km: Frå Leirvik følg sykkelskilting (nasjonal sykkelveg nr. 1) til Heiane og Fitjar. I Sagvåg kan du ta av til Litlabø og vitja eit tidligare gruvesamfunn for utvinning av svovelkis, no museum. Etter Sagvåg er resten av denne strekninga meir kupert. Ved Storavatnet i Fitjar går ruta på vestsida av vatnet, småkupert og med flott utsikt vestover. I nordenden av vatnet er ein fin badeplass med toalett. Følg sykkelskilting (nr. 1) mot Fitjar/Bergen til Fitjar sentrum.

Fitjar – Bekkjarvik – Hufthamar 31 km: Frå Fitjar sentrum til ferjeleiet Sandvikvåg er det 7 km. Ferja til Husavik tek 20 minutt. Følg skilting til venstre mot Bekkjarvik. Bekkjarvik er ein idyllisk gamal handelsstad der det er fint å ta seg ein rast – eventuelt overnatte. Frå Bekkjarvik kan du ta ein avstikkar, og sykla over Selbjørn, og over bruene til Stolmen og Kvalvåg.

Nordover til Storebø følg rv. 546 på vestsida av Huftarøy. Kommunesenteret Storebø har servicefunksjonar. Frå Hufthamar kan du ta ein avstikkar til Austevollshella og sykle heilt vest på øya til Store Kalsøy og Kalve. Alternativt avslutte turen og ta hurtigbåten til Bergen.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages