Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Ånneland

Skjerjehamn - servering

  • +47 57784040
  •  /  km From You
Overview
Details

Sjømat og lokal mat er det vi ønskjer å tilby gjestene våre på Skjerjehamn. Menyane våre utviklast med basis i det råstoffet vi kan finne rundt oss, og sjøen er det sjølvsagte spisskammerset.

Steen-kjelleren (i Sveitservillaen)
Innreia med kjøkken og ein spisesal til 35 personer. Kvitkalka, metertjukke veggar med djupe vindauge skapar ei intim stemning rundt dei mange kulinariske gledene ein rik natur har å by på. Eignar seg svært godt for mindre selskap.

Pakkhuset
Kjøkken og ein stor festsal med gamle tømmerbjelkar og åpne glassfasadar ut til hav og solnedgang. Her er det plass til 150 gjester. Ypparleg til større arrangement, bryllup, åremålsdagar, blåturar og julebord.

I sommersesongen elles vil vi servere enkle og gode rettar frå vår restaurant i Pakkhuset, så om du ønskjer ein enkel middag er det vår glede å ha deg som gjest. Ring og bestill på førehand, så har vi det klart til deg!

Skjerjehamn har alle skjenkerettar for øl, vin og brennevin til kl. 01.30.


Om Skjerjehamn:
Skjerjehamn er ein idyllisk, nyrestaurert handelsstad ved porten
til Sognefjorden, berre 1,5 time frå Bergen. Vi ønskjer å gje deg unike opplevingar på denne plassen spekka med historie og moderne komfort. Følg oss på Facebook for oppdateringar om det som skjer!

Her finn du ein flott Sveitservilla frå 1891 med 18 rom og restaurant i kjellaren, 5 moderne leiligheiter med høg standard og ein åpen landhandel med ekte kjøpmannsdisk i gammal stil. Pakkhuset ligg på kaia og har eit stort festlokale med bar/restaurant, kinosal, galleri og møterom.

For bedrifter tilbyr vi konferansepakkar tilpassa dykkar behov og ønskjer. Ein middag kan bli ein unik setting for kundemøter. Her kan du pleie forretningsforbindelsar og påskjønne medarbeidarane dine. Den intime atmosfæren er ideell for teambuilding. Kva med ein utflukt i fiskeskøyta vår, etterfulgt av utsøkt middag og ein forfriskning i badestampen?

Og om du skal under giftekniven har biskopen i Bjørgvin godkjent Skjerjehamn for utandørs vigsle. Her ønskjer vi å dele magien som plassen har, både på store dagar og kvardagar.

På Skjerjehamn finn du også m.a. Knut Steen sin "Kongestatue", monumentet av Kong Olav V, og “We are one” av den Italienske skulptøren Simona Bocchi.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Bar
  • Konferansefaciliteter
  • Boblebad

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Dyphavsfiske
  • Fiske i fjorden
  • Jakt og fiske
Fisking
  • Dyphavsfiske

Taste Norway

Lokalmat
  • Lokal mat
Restauranter og kafeer
  • Middag
  • Skjenkebevilgning
  • Lokale matretter
  • Utendørs
  • Sjømat
Click to activate
Gulen, Norway
The latitude and longitude
60° 56' 33" N / 4° 57' 13" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad