Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Skjolden

Skjolden - Rebni - Rebnisli

  • Skjolden, Luster
  • +47 57671400
  •  /  km From You
Overview
Details
Meeting Facilities

Dette er ein utsiktstur forbi høgdegardane Flaten, Skåri og Rebni til stølen Rebnisli. Turen byr på flott utsyn mot Skjolden og Lusterfjorden.

Allereie når vi passerer garden Heltne berre nokre hundre meter frå startpunktet vårt, får vi godt utsyn mot Lusterfjorden og delar av Skjolden. Dette utsynet blir berre betre og betre etter som vi arbeider oss oppover mot fjellet.


Vi passerer Flaten. Som namnet seier ligg garden på ei hylle i fjellet. Garden vart fråflytt i 1976, og har ikkje vore i drift sidan.


Lenger oppe ser vi frå vegen ned på garden Skåri, med mange gamle bygningar. Garden har fått namn etter fjellkløfta vest for gardshusa. (Høgare oppe ligg ein støl med same namn.) Skåri har hatt mange eigarar, og var ei tid del av Sørheimsgodset. Frå 1757 har bøndene i Skåri vore sjølveigarar. I byrjinga av 1900-talet vaks det opp 11 barn på den vesle høgdegarden. Gardsdrifta vart lagd ned i 1960. Frå 1974 til 1993 var garden utan fast busetnad. I 1993 vart det bygd ny veg til gards, og Skåri vart busett på nytt. I 2000 skifte garden på nytt eigar, og eit større restaureringsarbeid vart sett i gang. Målet er å restaurera eller byggja oppatt alle hus som har vore på garden. Av dei fire gardane i dette området, er det no berre Skåri som har fast busetnad.


Garden Rebni (Ramnesletta) ligg på 370 m.o.h.


Frå Rebni ser ein tydeleg stølane på andre sida av dalen: Persli, Gurosete og Osen. Rebni og Skåri har heimestøl på Rebnisli, som er endepunktet for turen vår. Høgare opp i fjellsida har dei vårstøl på Skåri, og fjellstøl (sommarstøl) på Myrasete. Høgspentlina frå Fardal til Fortun går over Rebnisli. Lina har ei spenning på 300 000 volt.


Turen til Rebnisli, kan om ein vil, forlengjast til stølen Skåri, og vidare til toppen av Bolstadnosi (Gjerseggnosi) 1000 meter over havet, og med flott utsyn over Lusterfjorden mot fjellet Molden.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Rabatt
  • Fjord Pass

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Valutaveksling

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Jakt og fiske
Sykling
  • Sykkelutleie
Fisking
  • Fiskekort påkrevd

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Bussparkering
  • Parkering
Tjenester
  • Valutaveksling
Facility Info
  • Kopimaskin true
Click to activate
Luster, Norway
The latitude and longitude
61° 30' 15" N / 7° 36' 40" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad