Jostedal

Skogstur i Nigardsbreen naturreservat

Bestill
  • Breheimsenteret Jostedal
  • Breheimsenteret Jostedal
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • 57683250

  • Breheimsenteret

    Luster, Vestland

    Vis i kart

Guida tur i området rundt Breheimsenteret i Jostedalen

Guida tur - Skogstur i Nigardsbreen naturreservat



Bli med på ein tur med guidar frå Breheimsenteret på skogstien i området. Stien er anlagt med minimal påverknad på naturen og illustrerar ein typisk vestnorsk villmarkssti, som gir eit godt innblikk i kva det norske friluftsslivet handlar om.



Sjølve stien er om lag éin kilometer lang, med kring 80 høgdemeter. Han går over moreneryggar, ope svaberg og gjennom tett skog. Undervegs tek våre kvalifiserte guidar seg tid til å fortelja om geologi, breen si påverknad på landskapet, samt kultur- og naturarv i området.



Viktig informasjon til turen



Nivå: Enkel



Lengde: Ca. 2 timar



Oppmøte: Kl. 10:00 ved Breheimsenteret i Jostedalen



Inkludert: Guiding, inngang til utstillinga



Barn under tre år kan vera med på turen, men må sitte i ein bæremeis.



Sesong juni - august



Bestill din tur her


Kilde: Visit Sognefjord AS