Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Nordfjord Vågsøy

Skongenes Fyr

  • +47 48955867
  •  /  km From You
Overview
Details

Fyr deg opp  Hald deg på den smale sti.  Snart ser du lyset. Ramsalt fottur! Skongenes fyr ligg der fyr oftast ligg. Ved havet. Turen til den sjølvbetjente DNT-hytta går utover på eit nes på Vågsøya, ikkje langt frå badestranda Refviksanden. Ein kort tur, perfekt for barnefamiliar, fylt av lydar, syn og opplevingar som ein ikkje opplever på turar i høgfjellet. Måkeskrik. Ein gammal steinalderheller. Blomar ein berre finn langs kysten. Når du er framme, skal du berre sitje heilt stille ei stund, og telje bølgjene.

"Frå fiskebyen Måløy steig eg om bord i ein RIB båt. Eg merka fort at denne var svært stabil og sjødyktig og med den kraftige motoren, skjønte eg fort at vi kom til å bruke kort tid før vi var ute i det opne havet. Vi krusa i full fart over det bølgete havet, og kjende verkeleg sjølufta piske mot ansiktet. Wow, eg kjende verkeleg korleis hestekreftene frå motoren bar oss av stad. Frå sjøsida var det lett å oppdage det strategisk plasserte fyret, Skongenes Fyr. Ein forstår godt kor viktig fyra har vore for navigering på havet med desse sjømerka. Neste gong vil eg nå fyret frå landsida, det tek visst ca. ein time å gå ut til denne DNT-hytta".​​​​​​
Fred Syversen

 

Ca 1 time å gå frå hovudvegen og ut til fyret i et lett turterreng. Frå parkeringsplassen viser skilt festa til autovern kor turen startar. Gå vidare på privat grusveg, etterkvart smalare tursti. Stien følgjer straumlinja utover og er godt merka med raude T'ar og raude punkt.

Sommarstid kan stien langs fjæra vere eit alternativ. Fin tur i godt vær ved låg sjø/fjæra sjø. Stien er ikkje godt merka. Ein del klyving over berga nokre stadar langs stien. Ikkje anbefalt i regnvær, pga. glatte svaberg. Denne ruta tar litt lenger tid enn hovudstien.

Fyrmesterboligen har 3 etasjar og rommar stove, kjøkken, toalett, lite bad og 4 soverom med totalt 15 sengeplassar. Det er varmt og kaldt vatn. Huset er fullt utstyrt. NB! Må ha DNT-nøkkel. Kontakt Britt Småvik i Ytre Nordfjord Turlag, mobil: 93 85 43 98

Skongenes Fyr er ein av Fjordspor-turane - 20 magiske vandreopplevingar i Nordfjord www.nordfjord.no

Nyttige lenker:
http://ut.no/hytte/skongenes-fyr 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Nordfjord

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
Landskap
  • Kystområde
Årstid
  • Hele året
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Familievennlig

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Natursti
Fottur
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Easy
Duration
2 timer
Landscape
Coastal area
Season
All Year
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad