VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland KINN

Skongenes Fyr

  • +47 48955867
  •  /  km From You
Overview

Tur til Skongenes fyr

"Frå fiskebyen Måløy steig eg om bord i ein RIB båt. Eg merka fort at denne var svært stabil og sjødyktig og med den kraftige motoren, skjønte eg fort at vi kom til å bruke kort tid før vi var ute i det opne havet. Vi krusa i full fart over det bølgete havet, og kjende verkeleg sjølufta piske mot ansiktet. Wow, eg kjende verkeleg korleis hestekreftene frå motoren bar oss av stad. Frå sjøsida var det lett å oppdage det strategisk plasserte fyret, Skongenes Fyr. Ein forstår godt kor viktig fyra har vore for navigering på havet med desse sjømerka. Neste gong vil eg nå fyret frå landsida, det tek visst ca. ein time å gå ut til denne DNT-hytta".​​​​​​
Fred SyversenCa 1 time å gå frå hovudvegen og ut til fyret i et lett turterreng. Frå parkeringsplassen viser skilt festa til autovern kor turen startar. Gå vidare på privat grusveg, etterkvart smalare tursti. Stien følgjer straumlinja utover og er godt merka med raude T'ar og raude punkt.

Sommarstid kan stien langs fjæra vere eit alternativ. Fin tur i godt vær ved låg sjø/fjæra sjø. Her er det anemoner, tang, krabber, skjell og fugler. Det er også mogleg å gå til og frå fyret langs standkanten til Sætre sanden. Stien er ikkje godt merka. Ein del klyving over berga nokre stadar langs stien. Ikkje anbefalt i regnvær, pga. glatte svaberg. Denne ruta tar litt lenger tid enn hovudstien.

Gode fiskemoglegheiter langs berga rundt Skongsneset. Små fiskebåtar som er ute på fiske kan sjåast frå neset. Fin bratt tursti innover mot Vedvik. Flotte berg og sandstrender å oppleve i tørt vær.

Skongenes Fyr er ein av Fjordspor-turane - 20 magiske vandreopplevingar i Nordfjord.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages