Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Hjelmeland

Skulp-turen - fottur

  • +47 51759510
  •  /  km From You
Overview
Details

Ei vandrerute frå Sande til Hjelmen og retur på Hjelmeland, Ryfylke.


Sommaren 2011 var kunstnarar frå Spania, Portugal og Noreg samla her i Hjelmeland. Dei laga då fem skulpturar som nå er plassert langs den vandreruta me har kalla Skulp-turen.Vandreruta vil også vise deg verdas største jærstol og ei minnestøtte over falne i 2. verdskrig. Tek du ein liten avstikkar ned til kommunehuset finn du i tillegg ei byste av forfattaren Johannes Arneson.


Skulp-turen startar på Sande ved verdas største Jærstol. Frå Jærstolen går du opp mot rundkjøringa, kryssar vegen og går ned til skulpturen som er plassert mellom ferjekaien og Sandebygget. Herfrå går vandreruta tilbake og opp til Vågavegen, langs denne og ned til Spa-hotell Velvære. Følg merka rute vidare inn til Prestøyå. Sving opp til Vågavegen før du kjem til brua og gå over gangfeltet ved Sparbutikken. Ruta går deretter i retning mot kyrkja. Frå kyrkja går du same veg tilbake ca 100 m og svingar inn på merka løype langs Prestagarden og Prestagardsmarka inn til merka løype opp til Hjelmen. Frå toppen av Hjelmen går du tilbake til gangfeltet ved Sparbutikken, kryssar over Vågavegen og går langs fortauet tilbake til Sande.

Passar for heile familien.
Lengde: Ca 2. timar.

Parkering: Ved startpunkt for turen.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
Landskap
  • Skogsområde
Årstid
  • Hele året
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering

Facts

Effort Level
Easy
Duration
1-4 hours
Season
Autumn
Click to activate
Hjelmeland, Norway
The latitude and longitude
59° 13' 58" N / 6° 9' 54" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad