Stryn

Skuten

  • Utsikt frå Skuten i Stryn med panoramautsikt over Strynedalen og Stryneelva som slyngjer seg nedover dalen mot Stryn sentrum.

    Nedstryn Kyrkje

    Stryn, Vestland

    Vis i kart

Vil du sjå Stryneelva som slynger seg nedover mot fjorden? Då er Skuten den rette turen for deg.

Skuten er ein kort og familievennleg tursti i Stryn, ca. 200 meter opp frå hovudvegen. Turen startar ved riksveg 15, og du kan parkere gratis ved Nedstryn kyrkje.

Stien er ikkje særleg bratt, men har ein del trapper og stein. Turen tek ca. 30 minutt og er populær blant lokalbefolkninga. I tidlegare tider var dette ein av kvileplassane for dei som gjekk opp til sætra.

Vel oppe finn du eit fint utsiktspunkt med benkar og gapahuk, og ei flott utsikt over Strynedalen og Stryneelva som buktar seg ned mot sentrum.

Kilde: Nordfjord