Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Stryn

Skuten

Skuten

Vil du sjå Stryneelva som slynger seg nedover mot fjorden? Då er Skuten rette turen for deg. Skuten ligg ca 200 m opp frå hovudvegen. Turen startar ved riksveg 15, du kan parkere gratis ved Nedstryn Kyrkje. Turen passar fint for heile familien.

Dette var ein av kvileplassane på veg opp til sætra i tidlegare tider. Det er ikkje så bratt, men det er ein del trapper og stein. Skuten er eit fint utsiktspunkt med benkar og ein gapahuk. Turen tar ca 30 minutt og er populær blant lokalbefolkninga.

Vel oppe får du ei fin utsikt over Strynedalen og Stryneelva som buktar seg nedover til sentrum.


Kilde: Nordfjord

Skuten

Sider du nylig har besøkt