Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Skei i Jølster

Slåttene gard

  • +47 47248146
  •  /  km From You
Overview
Details

Slåttene gard har ei nyrestaurert sperrestove for utleige. Her finn du no eit moderne, fullt utstyrt kjøkken, i tillegg til den restaurerte vedfyrte kjøkenomnen frå 1920-talet.

0pphaldsrommet/stova med det gamle tømmeret inntakt, sett sitt spesielle preg og gjer dette til eit hus med sjel. Her finn du og ein av to restaurerte etasjeomnar som varmar godt på kalde dagar. Huset har varmepumpe, etasjeomnen vert derfor mest nytta for kosen sin del.
Utandørs er det opparbeida ein uteplass til våren, der det mellom anna blir høve til grilling.


Sperrestova eignar seg svært godt til små selskap eller grupper på opp til ca. 20 personar. I slike høve vert det catering frå til dømes Stardalen Sommarkafe.


Som sertifisert Berøringspedagog og medlem av Foreningen for Berøring og Taktilterapi kan eg tilby behandling her på Slåttene gard. Kontakt oss for timebestilling og pris. Om du lurer på kva slik behandling går ut på kan du mellom anna lese om slik behandling på nettstaden: www.dinesanser.no.


Velkomne til gards for overnatting, for fine opplevingar, omkransa av majestetiske fjell og Jostedalsbreen nasjonalpark som nærmaste nabo. Her er det høve til mange flotte turar sommar som vinter.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Taste Norway

Restauranter og kafeer
  • Grill-/biffrestaurant
Click to activate
Jølster, Norway
The latitude and longitude
61° 36' 17" N / 6° 44' 19" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad