Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview

Slottet er vår lokale Preikestol – ein utsiktstur for heile familien.

Frå Bergen: Startpunktet for turen til Slottet ligg 79 km nord-austover frå Bergen. Køyr E39 nordover til Romarheim, der tek du til høgre inn på FV 569 mot Mo i Modalen. Køyr 12 km på 569, og parker ved startpunktet på ein liten parkeringsplass på høgre hand. Turen frå Bergen tek normalt i underkant av 1,5 time.


Start- og sluttpunkt:  Stokkeviki. Rundtur.

Parkering: Ved informasjonstavla er det plass til nokre bilar. Elles parkering på andre sida av vegen 20 meter frå informasjonstavla.

Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Pilskilt og blå merking undervegs.

Høgdeskilnad: 20–200 m

Berekna tidsbruk: 2 timar t/r

Gode råd: Vel gode sko som tåler litt vatn, sidan stien går over myrete område nokre stader.


Slottet er Modalen og Hordaland sitt svar på Preikestolen – ei klippeblokk som kneisar loddrett 200 meter over Mofjorden. Ei luftig oppleving med storslått utsikt både innover mot Mo og utover fjorden mot Langedalen.

Stien startar frå hovudvegen i Stokkeviki og følgjer elva  eit stykke. Kort etter at du har kryssa elva, kjem du til eit stiskilje. Til høgre kjem du inn i Hestabotn, som er et naturreservat der det veks barlind. Stien til venstre går vidare til Slottet og er småkupert med lett stigning og nokre stader steinur som må forserast. Blå merke på tre og steinar markerer kor stien går. Når ein nærmar seg Slottet, kan ein sjå formasjonen frå sida.

Som eit alternativ kan ein ta seg ned igjen ved å følgje ei løype som går lengre vest, og som òg er merka. Då kjem du ned til Hestabotn. Denne stien er ikkje så godt opptrakka og mindre god for dei minste.

Turen er ikkje så krevjande og passar for born frå 4–5 år, men vis varsemd på toppen. Skriv deg gjerne inn i boka som ligg i postkassa.

www.visitbergen.com/visitmodalen


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Modalen, Norway
The latitude and longitude
60° 48' 11" N / 5° 45' 36" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad