VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway


Smørhamn Handelstad

  • Smørhamnsvegen 1114 , Kalvåg
  •  /  km From You
Overview

Ta med heile familien, vener eller kollegaer. Vi har plass til frå 16 – 25 pers. fordelt i 5 leilegheiter. Her har de tid og mulegheit for å ta del i dei gode opplevingane. Du kan hente blodfersk fisk, rett i gryta, frå båt eller brygge, eller vere med å fiske krabbe til festmåltidet. Ta turen på fjellet like i nærleiken, eller besøke sauer i skjergarden. Kan du dykke er det fine forhold til det. Båtar med påhengs(15 fot m/9,9 hk – 15 hk) kan leigast. Robåt er og muleg å prøve. Skal du feire noko, har vi og lokaler til små og store grupper (20 – 80 pers.) Du kan ta med festmat sjølv, eller bestille utanfrå. Smørhamn ligg 5 min. i bil frå Kalvåg, med butikk, restaurant og mange andre gode tilbod.

Godt merka turløyper i nærområdet, du vel den utfordringa som passar deg: Dåsabu, Veten, Smalerabben, Hornelen, Vetvika og mange andre merka turar. Ein fin sommardag vil vi anbefale deg å ta ein tur på Grotlesanden. Er veret mindre innbydande kan Kalvåg by på Carolas buaspa – med innandørs sandstrand. Eller du kan ta ein tur til Hjortegarden i Ålfoten.

Med assistanse frå vertskapet kan små grupper vere med på:
A – Tur til sauene på øyane med båt
B – Krabbefiske med teiner(haust)
C – Krabbekoking til eit måltid
D – Historisk omvisning med forteljinga om Smørhamn Handelsstad
E – Barneaktivitetspakker: 1. Krabbesnøre 2. Plankebåt

Er du heldig kan du vere med å mate flaskelam(vår, sommar)

Leilegheitene

Vi tilbyr 5 godt utstyrte bueiningar med plass til 2-6 personar. Alle leilegheitene har kjøkkenkrok m/kjøleskap/frys, oppvaskmaskin og komfyr.
Kvar leilegheit har eige bad m/dusj og dobbel sovesofa i alle stovene.
God lydisolering mellom bueiningane.

Leilegheit nr. 1, «Otrehola»:
1. etg. 48 kvm, 1 soverom m/ seng 150 x 200 og 1 soverom m/seng 120 x 200.
Eige uterom på nordsida og utgang til terrasse/uteplass mot sør.

Leilegheit nr. 2, «Notadongjen»:
2. etg. 58 kvm, 1 soverom m/seng 150 x 200 og 1 soverom m/seng 120 x 200. Sovenisje m/forheng, seng 90 x 200. Uterom mot nord.

Leilegheit nr. 3, «Vindeloftet»:
3. etg. 42 kvm, 1 soverom m/seng 150 x 200, 2 soverom m/seng 120 x 200. Eige uterom mot nord m/vindhjul.

Leilegheit nr. 4, «Krabbekassa»:
1.etg. 30 kvm. Sovenisje m/forheng i stova, seng 145 x 200. Utgang til utplass/terrasse.

Leilegheit nr. 5, «Nothengja»:
2.etg. 30 kvm. Sovenisje m/forheng i stova, seng 135 x 200. Hems 7 kvm. m/2 madrasser på 75 x 200.

I tillegg er det fellesrom på 45 kvm der ein kan ha felles samling for alle på bua. I 1. etg. er det vaskerom m/vaskemaskin og diverse utstyr som alle leilegheitene disponerer.

Bil og ferje, når ein kjem via Nordfjord:
1. Måløy – Oldeide + ca. ½ t. køyring til Smørhamn
2. Stårheim – Isane + vel 1 t. køyring til Smørhamn

Kjem du via Førde, tek du av på Grov og inn på fv. 614 mot Svelgen og køyrer vidare mot Rugsund, gjennom Bortnetunellen. På Kolset kjem ein inn på Fv. 616 og køyrer vidare på den mot Kalvåg. Smørhamn Handelsstad ligg 4 km før Kalvåg.

Ekspressbåt Bergen – Smørhamn
4 timar frå Bergen
25 min. frå Florø
35 min. frå Måløy
5 min. m/bil/buss frå kaia. Vi kan hente deg om du ringer.
Du kan òg kome med eigen båt.

(Fly til Florø
frå Oslo 1 time
frå Bergen ½ time)


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages