Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Morgedal

Snowshoe Thompson, Jon frå Tinn

  • Vårstaulv 2, Kviteseid
  • +47 35069080
  •  /  km From You
Overview
Details

Utstilling og ny bok om Snowshoe Thompson: Jon frå Tinn, som vart kjend som postberar på ski i USA.

Norsk Skieventyr i Morgedal opna i oktober 2015 ei utstilling om Snowshoe Thompson, tinndølen som vart legendarisk postberar på ski i USA. Utstillinga er laga med utgangspunkt i ei bok skriven av forfattar Halvor Kleppen og utgjeven av Vest-Telemark Museum i same tidsrom. Boka heiter Snowshoe Thompson: Jon frå Tinn.

Siste nytt er at boka i februar 2016 blei tildelt den høgthengande internasjonale prisen The Skade Award av International Skiing History Association! Prisen går til skihistoriske bøker med lokalt tilsnitt, og er omfatta av stor prestisje.

Snowshoe Thompson – Jon Torsteinson Rue

Jon Torsteinson Rue vart fødd i Tinn i 1827, men det var i USA han vart berømt og ei legende. John A. Thompson, som han kalla seg i det nye landet, er kjend som Snowshoe Thompson, mannen som frakta post på ski i det barske fjellområdet Sierra Nevada mellom California og Nevada.


Det er skrive mange bøker, artiklar og oppdikta soger om Snowshoe Thompson. Det er dikta songar om han, han har skirenn oppkalla etter seg og det er fleire minnemonument som markerer skiløparen som leverte post til stader som elles ville ha vore heilt isolerte vinterstid. Få telemarkingar har fått så mykje omtale, så mykje heider og så mykje ære som Jon frå Tinn!

Utstillinga

Utstillinga gjev gjennom tekst, bilete, gjenstandar og musikk ei framstilling av livet til Jon frå han reiser frå Tinn til han døyr i ein alder av 49 år langt vest i USA. Utstillinga står på Norsk Skieventyr i Morgedal fram til mai 2016. 

Norsk Skieventyr er ope tys.–fre. 10–16, lau. 11–17 og sun. 11–18. Inngang kr. 80,-/60,-/40,-.


Boka

I boka har forfattar Halvor Kleppen teke tak i mytane og forteljingane om Snowshoe Thompson og halde desse opp mot historiske fakta. Nytt kjeldemateriale er òg funne. Boka fortel om livet til Jon frå fødsel til død. Me får eit innblikk i Tinn-samfunnet og kva som gjer at eit utvandrarfølgje derifrå blir det fyrste store frå Austlandet i 1837. Overfarten til Amerika og ikkje minst kva som ventar telemarkingane i det nye landet er godt skildra.


Den viktigaste bolken i boka er sjølvsagt om Jon og livet hans i Amerika. Dette er grundig fortalt og ikkje minst rikt illustrert. Forfattaren har skapt ei levande bok på over 200 sider som fortel om både kjente og meir ukjente delar av Jon sitt liv.

Boka har stive permar og kostar kr 345,-. Ho kan tingast ved å ta kontakt med Norsk Skieventyr på tlf. 35069080 eller e-post nse@vtm.no. Du kan få boka tilsend i posten dersom du ynskjer det. Då kjem posten sine portosatsar og kr 50,- i ekspedisjonsgebyr i tillegg til prisen. Boka finst òg i sal hjå fleire bokhandlar i Telemark. Ta gjerne kontakt med oss, så hjelper me deg å finne din næraste utsalsstad!


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Overnatting

Skidestinasjoner
  • Langrenn
  • Skiskole

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Langrenn
  • Kultursti
  • Guidede turer
Langrenn
  • Lysløype
Vinteraktiviteter
  • telemarkski

Plenlegg reisen

Tjenester
  • WiFi

Taste Norway

Lokalmat
  • Tradisjonell mat
Restauranter og kafeer
  • Middag
  • Lunsj
  • Tradisjonell mat

Aktiviteter

Shopping
  • Souvenirbutikker
Click to activate
Kviteseid, Norway
The latitude and longitude
59° 28' 39" N / 8° 25' 8" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad