Sogn Fjordmuseum, Kaupanger



Opplev båt- og fjordliv i eldre tider med eit besøk på Sogn Fjordmuseum på Kaupanger.
Sogn Fjordmuseum – Eit levande bilete av fjordkulturen og båtbyggjartradisjonar
Djupt inne i Sognefjorden, ved Kaupanger ferjekai, finn du Sogn Fjordmuseum. Her kan heile familien utforske ei unik samling av tradisjonelle sognebåtar og lære om den stolte båtbyggjartradisjonen i regionen, og oppleve fjordkulturen på nært hald.
I museet, som er eit ombygd sagbruk, har vi rekonstruert ein autentisk båtbyggjarverkstad,, der de kan sjå korleis båtane vart bygd med handverktøy og tradisjonelle teknikkar. Museet tilbyr innsikt i kva rolle fjorden har hatt som matfat og ferdselsåre gjennom historia, med utstillingar av fiskereiskap og anna utstyr knytt til den rike fjordkulturen. Historia til sogningane let seg ikkje forstå utan at fjorden og kulturen kring gjeremåla på fjorden har ein sentral plass.
På uteområdet kan du òg sjå den eldste baren i Sogn, Glaværstova, frå øya Søre Glavær i Gulen.
Omvising:
Alle besøkande på museet vil få tilbod om omvising av vår museumsvert for å lære meir om fjordkulturen og livet ved fjorden.
Mat og drikke
Sogn Fjordmuseum har eit lite kaffiutsal og kiosk. Nyt ein kopp økologisk kaffi eller ein svalande is rett attmed Noregs lengste og djupaste fjord, sjølvaste Sognefjorden!
Sesong:
Museet er ope i sommarsesongen medio juni til medio august. Besøk nettsida vår for informasjon om opningstider.
Tilrettelegging:
Det er tilrettelagt for rullestol brukarar opp til 2. etg, men dei kjem seg dessverre ikkje opp til 3.etg og fiskeutstillinga.
Berre 5 km unna, finn du og De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, som er eit av Noregs eldste friluftsmuseum. Eit besøk her er inkl. i inngangsbilletten på Sogn Fjordmuseum. Er du i Kaupanger anbefaler vi og ein tur innom Kaupanger stavkyrkje, som er den lengste stavkyrkja i Noreg.
Kilde: Visit Sognefjord AS
Sogn Fjordmuseum, Kaupanger