Sogn og Fjordane kunstmuseum














Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde tilbyr ein unik kombinasjon av moderne kunst og vestlandsnatur.
Museet presenterer skiftande utstillingar som spenner frå lokale talent til internasjonalt anerkjende kunstnarar – alltid noko nytt å sjå!
For heile familien:
Barna kan utfolde seg kreativt i aktivitetsrommet, medan vaksne kan nyte omvisingar og kunstnarsamtalar.
Arkitektur i verdsklasse:
Kunstmuseet er dessutan eit "kunstverk" i seg sjølv. Eit signalbygg som har fått internasjonal merksemd for sin arkitektur. Berre å gå trappa oppover etasjane er som å bevege seg i ein skulptur. Når du først er komen til topps, kan du ta turen ut på takterrassen for utsikt og frisk luft!
Kafé og museumsbutikk:
Ta ein pause i kaféen, eller finn inspirasjon i butikken med kunstbøker og designprodukt.
Omvising:
Museet tilbyr omvising for grupper på førespurnad på norsk, engelsk og spansk. Ta kontakt for booking.
Museet har heis og trinnfri ankomst til alle etasjar. Toalett finn du i første etasje, både for rørslehemma og andre.
Opningstider og arrangement:
Museet har ope heile året frå tysdag til søndag. Besøk nettsida for aktuelle utstillingar og arrangement.
Berre 10 km frå Kunstmuseet kan du oppleve livet i Sunnfjord på 1800-talet med eit besøk ved Sunnfjord Museum rett utanfor Førde.
- Hele året
- Familievennlig
Mandag: Stengt
Tirsdag: 12:00–18:00
Onsdag: 12:00–18:00
Torsdag: 12:00–18:00
Fredag: 12:00–18:00
Lørdag: 12:00–18:00
Søndag: 12:00–18:00
Opningstider 6. januar — 31. desember
Mandag: Stengt
Tirsdag: 11:00–16:00
Onsdag: 11:00–16:00
Torsdag: 11:00–16:00
Fredag: 11:00–16:00
Lørdag: 11:00–16:00
Søndag: 11:00–16:00
Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord
Sogn og Fjordane kunstmuseum