Sognasmak





Sognasmak er eit informasjons- og opplevingssenter for lokal mat og drikke, med eige utsal på Håbakken i Lærdal.
Dette er Sognasmak - frå din lokale bonde
Målet vårt er å spreie informasjon og kunnskap om regional matkultur, råvarer og produkt.
Vi er stolte av å saman med regionale bønder kunne bidra til å samle og styrke Sogn som matregion.
I tillegg å selje lokalmat, satsar vi på opplæring, kurs, arrangement og andre forsking- og utdanningsprosjekt knytt til produksjon av frukt, grønt, mat- og drikkeprodukt.
Som selskap driv vi ut frå prinsipp om nonprofit, og utan utbyte til eigarane. Eventuelt overskot skal nyttast til å styrke selskapet og dei aktivitetane selskapet skal drive.
Den gode smaken av Sogn - rett frå bonden
I Sognasmak har vi god greie på lokal mat og drikke - og vi deler gjerne både kunnskapen og smakane med deg.
Saman med dei dyktige bøndene og produsentane rundt oss, har vi fylt den 300 kvadratmeter store butikken vår med nokre av dei beste smaksopplevingane som er å finne i Sogn. Sesongen styrer utvalet; frå nyhausta frukt, bær og grønt til foredla småskala delikatesser.
Plassert på Håbakken i Lærdal har me utmerka tilgang til eit breitt utval kortreiste råvarer, samt regionale produkt.
Test ut Sognasmak, gjennom verdas beste smakar!
Det aller meste av det vi lagar og serverer her hjå Sognasmak er tufta på lokale, friske produkt.
Vi likar å leika oss litt, eksperimentera og utfordra. Ofte tek vi utgangspunkt i klassiske matrettar frå Sogn, og lagar ein ny versjon av desse.
På kjøkenet vårt har vi fleire dyktige medarbeidarar som elskar å laga mat. Test ut menyen dei har laga til deg.
Kilde: Visit Sognefjord AS
Sognasmak