Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sogndal

Sogndalsdalen rundt

  • Fosshaugane Campus, Trolladalen 30, Sogndal
  • +47 41146070
  •  /  km From You
Overview

Turen er om lag 80 km lang og har ca. 4500 høgdemeter stigning totalt. Turen er krevjande og krev egna vær med lite vind og god sikt. Fjellføraren vil forutan å vise veg, gjere naudsynte vurderingar av skredutsett terreng. Det kan vere aktuelt å bruke stegjern og isøks på nokre passasjar. For å gå med så lett sekk som mogeleg overnattar me i snøhole/ bivuakk undervegs. Snøhole er varmare enn telt og me slepp vekta av teltet.

Kvelden før turen
Gjennomgang av turen og pakking av sekk. Kl 19.00 på Lægreid Hotell

Dag 2
Oppmøte på Allmenningen, framfor Lægreid Hotel kl. 0600. Me går med skia på sekken til Aaberge/ Hølsete. Tar på fellene og går nordover forbi Nuken og Turrli. Opp på Torstadnakken, deretter fantastisk landskap med utsikt ned i Yngsdalen mot aust og Sogndalssdalen i vest. Me går ned mot Tverrdalsvatnet og opp på Steindalsbreen, der vi overnattar i snøhole.

Dag 3
Tidleg start, over Steindalseggi og Sogndalseggi. Her held me oss på ryggen heile vegen for å unngå skredutsett terreng, og det kan vere bruk for stegjern og isøks. Deretter går vegen vidare over Frudalshesten og vidare i retning Bjåstadbreen og Myrdalsbreen der me overnattar.

Dag 4
Mot Fjærlandssetvatnet, kupert terreng til Slakkafjellet. Etterkvart som turen går mot og ned Stedjeåsen, må nok skia på sekken igjen. Ringen er slutta - på Lægreid Hotell ventar pizza og kald pils!

Pris og dato: Maks 4 deltakarar pr vegleiar. Ta kontakt for pristilbod. Arrangerast på førespurnad.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Click to activate
Sogndal, Norway
The latitude and longitude
61° 13' 49" N / 7° 5' 16" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad