Sognefjellshytta ligg ved Fantesteinsvatnet langs fylkesveg 55, Sognefjellsvegen - og opnar vanlegvis til påske - når vegen blir brøytt etter vinterdvale.
Sognefjellshytta er eit sentralt knutepunkt for turar i området, med merka ruter til nabohytter som Skogadalsbøen, Krossbu, og Fannaråken, samt moglegheiter for bre- og grottevandring. Om våren blir det køyrt om langrennsløyper utanfor hytta, som blir nytta av både landslag, mosjonistar og skientusiastar som vil kombinere trening med fjellopplevingar.
Sognefjellsvegen vart bygd på midten av 1930-talet, og då vart det sett opp to tømmerhytter for anleggsarbeidarane på staden der turisthytta ligg i dag. Etter andre verdskrigen vart hyttene tekne i bruk som kafé, og i 1947 overtok Torkjell Bakkeberg og opna ei turisthytte. Ho vart dei første åra kalla Fantesteinshytta, etter ein karakteristisk steinformasjon like ved, men fekk seinare namnet Sognefjellshytta. Hytta har vore bygd om og utvida fleire gonger, sist i 2003 og 2015, og har i dag 80 sengeplassar.