Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Sogndal

Sognefjord Hotel A/S

Sognefjord Hotel på Leikanger ligg vakkert til på ei lita halvøy, med kanskje Sognefjordens beste utsikt!

Sognefjord Hotel er eit moderne hotell, der dei fleste av hotellets 55 rom har utsikt over fjorden, alle rom har TV, radio, vasskokar og kjøleskap.

Uteområdet til hotellet er stort, og her kan du blant anna spele tennis, eller leige sykkel eller robåt. Det anbefalast å sjå meir av Fruktbygda Leikanger. 

Kva med eit bad i Norges største basseng? Ja, rett utafor hotellet kan du kaste deg uti Sognefjorden og nyte bølgeskvulpen rundt deg! Slapp av på brygga og nyt livet. 

For deg som ynskjer "Fjell og Fjordferie" ligg hotellet ideelt til som utgangspunkt for dagsturar til nokre av dei vakraste naturperlene i Noreg, som til dømes; Nærøyfjorden, Flåmsdalen og Jostedalsbreen. Med kun ein times køyring så kjem du deg dit. Eller kva med ein tur over fjorden til Balestrand? I Balestrand kan du bli med på RIB turar, sykkelturar, guida fisketurar eller omvising på Ciderhuset. Sjå Balestrand Adventure for informasjon om kva som skjer i Balestrand. 


Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Sognefjord Hotel A/S

Sider du nylig har besøkt