Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Sogndal

Sognefjord Kaffibrenneri

Sognefjord Kaffibrenneri
Sognefjord Kaffibrenneri
Sognefjord Kaffibrenneri
Sognefjord Kaffibrenneri

Sognefjord Kaffibrenneri - Nybrent kaffi frå brenneriet i Sogndal med eit snev av både fjord- og fjelluft og brevatn.

Sognefjord Kaffibrenneri ligg i eit trehus i Sogndalsfjøra. Her importerar og brenner eg fersk spesialkaffi kaffi på bestilling frå mine kundar, kvar veke.

Sjølv om råvarene kjem langvegs frå, veit me å sette vårt preg på smaken. I ein kopp med kaffi frå oss finn du eit snev av både fjord- og fjelluft, av brevatn og solmodne tytebær og ein laks som sprett opp elva i lyset frå solnedgangen over Hurrungane.

Sognefjord Kaffibrenneri starta å brenne kaffi i 2017. Sidan den gang har Kjetil tatt bronsemedalje i skandinavisk kaffibrennerkonkurranse, vore ein av 6 som kvalifiserte seg til NM i kaffibrenning og sel kaffien i store delar av landet. Mange av kundane set pris på at mestparten av kaffien er økologisk, i tillegg til den høge kvaliteten.

Bedriftskundar som hotell, resturantar, kafear og kontor oppfordrast til å ta kontakt på telefon eller epost. Sjekk også ut nettbutikken på www.sognefjordkaffibrenneri.no

Kilde: Visit Sognefjord AS

Sognefjord Kaffibrenneri

Sider du nylig har besøkt