Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sogndal

Sognefjorden

  • Fosshaugane Campus, Trolladalen 30, Sogndal
  • +47 57671400
  •  /  km From You
Overview
Details
Meeting Facilities

Den lengste fjorden i Norge, Sognefjorden, er 204 km lang og strekkjer seg frå Solund i vest til Skjolden ved foten av nasjonalparkane Jotunheimen, Jostedalsbreen og Breheimen. Sognefjorden er også den djupaste fjorden i Norge, med 1308 m.


Den mest kjende fjordarmen til Sognefjorden er den vakre Nærøyfjorden, som også står på UNESCO si verdsarvliste.


Du kan oppleve Sognefjorden heile året, både i båt, bil, fly og til fots.


Sognefjorden har fleire spesielle fjordarmar som strekkjer seg inn mellom stupbratte fjell og endar i små, idylliske bygder. Den mest kjende av desse fjordane er den smale Nærøyfjorden, som no er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Du kan vere med på ulike båtturar og oppleve fjordane heile året. Andre freistande fjordaktivitetar er kajakkpadling, fjordrafting, fisketurar, robåtturar, bading og mykje meir.


Vestnorsk fjordlandskap


Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap med delområde Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, vart innskrive på UNESCO si Verdsarvliste over kultur- og naturarv av eineståande og universelle verdi i 2005. Verdsarvverdiane I Nærøyfjordområdet er kort samanfatta: fjordlandskap med aktive geologiske prosessar, eit rikt dyre- og planteliv, og eit vakkert naturlandskap frå fjord til fjell med brear, skog, fossar og frittrennande elvar og eit kulturlandskap som gir naturlandskapet perspektiv.

Nærøyfjorden - smal og dramatisk

Den verdskjende Nærøyfjorden er den smalaste, villaste og mest dramatiske fjordarmen i verda. Fjella reiser seg bratt og høgt opp frå vatnet og skapar ei trolsk stemning. Blir du med ferja på Nærøyfjorden, frå Kaupanger til Gudvangen, og passasjerbåt frå Flåm/Aurland, får du oppleve noko av det mest spesielle landskapet Norge kan by på.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Rabatt
  • Fjord Pass

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Valutaveksling

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Jakt og fiske
Sykling
  • Sykkelutleie
Fisking
  • Fiskekort påkrevd

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Bussparkering
  • Parkering
Tjenester
  • Valutaveksling
Facility Info
  • Kopimaskin true
Click to activate
Sogndal, Norway
The latitude and longitude
61° 13' 54" N / 7° 5' 14" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad