Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Lom

Soleggen fjellstue

Bestill
Soleggen_ØyvindGuldbrandsen_red- Produktbilder DMS 120023
Oversikt høst
Yoga1 (1)
vinter nr 3

Soleggen fjellstue ligg vakkert til på nordsida av Jotunheimen, i eit gamalt seterområde. Staden eignar seg for leirskule og gruppeturar med opptil 80 personar.

Soleggen fjellstue ligg 957 m.o.h. på nordsida av Jotunheimen, ca. 10km. frå Lom sentrum. Staden ligg i eit gamalt seterområde med eit variert kulturlandskap. Uberørt natur og ville fjell omkransar fjellstua, og området er kjent for eit rikt planteliv.

Soleggen fjellstue vart kjøpt av Rudolf Steinerskolen i Oslo i 1986 for å nyttast til leirskule-verksemnd. Sidan da har fjellstova vorte utvikla med stor omsorg  - og blir i dag dreve som ein stiftelse med formål om å drive leirskule. Soleggen har gjennom sine 35 år med drift gjeve barn og ungdommar frå heile Skandinavia oppleving av meistring i det norske høgfjellet. 

Soleggen har ope for fjellturistar ei veke om sommaren og i påskeferien kvart år. Palmesondag er det i tradisjonens tro ope aktivitetsdag for heile familien i samarbeid med Garmo idrettslag.

Sjå Soleggen sin arrangementskalender på hjeimesida for å lese meir om dei ulike arrangementa.

I 2019 vart det bygd ein dome på Soleggen, som har vorte eit populært lokale for fleire miljøar innanfor yoga og meditasjon.  

Soleggen har i dag 80 sengeplassar fordelt på 23 rom, og har fasilitetar for gruppar og samlingar med opp mot 80 personar. 

Det er mogleg å leige Soleggen til ulike private - eller bedriftsarrangementer, for minimum 15 personer og minst 3 netter. Ta kontakt eller sjå heimesida for meir informasjon.

Fasilitetar: 
Spisesal med plass til 70 personar 

Peisstove med moglegheit for forelesingar og samlingar med 20 - 30 personer

Domen - samlingsrom med moglegheit for større grupper med aktivitetar som konsertar, yoga, bryllaup eller verkstader. Varmekapler i gulvet.

3 stk mindre aktivitetsrom for samlingar 4 - 10  personar

Storkjøken

Tørkerom

Kilde: Visit Jotunheimen AS

Soleggen fjellstue

Bestill

Sider du nylig har besøkt