Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Lom

Soleggen fjellstue

Bestill
Soleggen fjellstue

Soleggen fjellstue ligg 957 m.o.h. på nordsida av Jotunheimen, ca. 10 km. frå Lom sentrum. Staden tilbyr leirskole for elevar frå heile Norden, kurs, seminar og utleige til arrangement. Her står enkelt friluftsliv, mestring og nærkontakt med naturen i sentrum.

Staden ligg i eit gamalt seterområde med eit variert kulturlandskap. Uberørt natur og ville fjell omkransar fjellstua, og området er kjent for eit rikt planteliv.

Soleggen fjellstue vart kjøpt av Rudolf Steinerskolen i Oslo i 1986 for å nyttast til leirskule-verksemnd. Sidan da har fjellstova vorte utvikla med stor omsorg - og blir i dag dreve som ein stiftelse med formål om å drive leirskule. Soleggen har gjennom sine 35 år med drift gjeve barn og ungdommar frå heile Skandinavia oppleving av meistring i det norske høgfjellet.

Soleggen har ope for fjellturistar ei veke om sommaren og i påskeferien kvart år. Palmesondag er det i tradisjonens tro ope aktivitetsdag for heile familien i samarbeid med Garmo idrettslag.

I 2019 vart det bygd ein dome på Soleggen, som har vorte eit populært lokale for yoga, meditasjon og samlingar.

Soleggen har i dag 80 sengeplassar fordelt på 23 rom, og har fasilitetar for gruppar og samlingar med opp mot 80 personar.

Det er mogleg å leige Soleggen til ulike private - eller bedriftsarrangementer, for minimum 15 personer og minst 3 netter.

Om vinteren er det stort sett brøytt veg heilt fram til parkeringa ved Soleggen.

Kilde: Visit Jotunheimen AS

Soleggen fjellstue

Bestill

Sider du nylig har besøkt