Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Uggdal

Tursti Solheimsdalen - Grovatnet - Tysnessåto

Tur gjennom bjørkeskog til over skoggrensa med lyng og brake, der du får kjensle av høgfjellsvidde.

Parkeringsplassen i Solheimsdalen er eit av dei mest brukte utgangspunkt for turar i Tysnesfjella både sommar og vinter. Turane går gjennom bjørkeskog til over skoggrensa med lyng og brake, der ein får kjensle av høgfjellsvidde. Tysnessåto, 753 moh. er den høgste toppen i Tysnes med flott utsikt i alle retningar.

Frå Grovatnet er det mogeleg å gå vidare mot Breistølen og
Vasstøl.

Gode råd

Nokre våte parti, bruk høvelege sko.

Lengde og tid

24 km t/r, 4 timar opp.

Høgdeskilnad

280 - 753 moh.

Turskildring

Turen startar med lett stigning etter traktorveg om lag 3 km før den går over på sti til Grovatnet. Det kan vera parti der det kan vera noko vått. Ved Grovatnet 468 moh. tek stien av mot venstre opp ein bekkdal, gjennom bjørkeskog til Såtefjellet der stien går slakt innover til foten av Såto.

Herifrå ser ein det andre fjellmasivet på øya, med Etlådnefjellet 737 moh. og Hovlandsnuten 727 moh. Den siste oppstigninga mot Tysnessåto er noko slakkare enn turen opp om Malkenesdalen. Tysnessåto, 753 moh. er den høgste toppen i Tysnes med flott utsikt i alle retningar.

Alternativt kan ein følgje stig ned Malkenesdalen tilbake til Solheimsdalen.

Last updated: 02/02/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Tursti Solheimsdalen - Grovatnet - Tysnessåto

Sider du nylig har besøkt