Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Sollidstølen/Tringstølen

  • +47 56599000
  •  /  km From You
Overview

Familievennleg tur på gammal stølsveg opp frå Farestveit.

Frå Bergen: Startpunktet for turen til Sollidstølen ligg 93 km nord-austover frå Bergen. Køyr E39 nordover til Romarheim, der tek du til høgre inn på FV 569 mot Mo i Modalen. Køyr 26 km på 569, og parker langs vegen ved hengebrua på Farestveit. Turen frå Bergen tek normalt 1,5 time.


Berekna tid: 1 t rundtur.

Gradering: Blå moderate.

Høgdeskilnad: 100-350 meter. 


Som namnet tyder, ligg denne stølen i den solvendte lia. Det var opphavleg òg eit gardsbruk på denne sida av elva som heit Sollid, men dette er no borte. Sollidstølen var vårstøl til fleire av gardsbruka på Farestveit. Stølinga vart avslutta på 1950-talet og sidan forfall husa, men eit av dei er no bygd opp att like ved der stølen opphavleg sto.

Du kryssar først hengebrua og svingar til høgre på grusvegen som du følgjer ca. 100 meter. Når du har passert ein liten steinklopp, finn du snart eit skilt på venstre hand som peiker oppover lia. Stien går ganske bratt opp parallelt med elva/fossen. Stien går først i eit område med ur, men vert snart god å fylgje – tydeleg og elles merka med blått. Sidan turen opp er kort, ca. 1,5 km, eignar løypa
seg òg for born.

Når du har lagt stigninga bak deg, kryssar du først ein bekk og deretter over elva på bru. På den andre sida ser du snart stølen på høgre hand, men stien går i ei lita sløyfe før du svingar inn på den gamle stølsvollen.

Området rundt stølen og vidare innover vert nytta som beite om sommaren, så hugs å late att grinda oppi lia.

www.visitbergen.com/visitmodalen


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Modalen, Norway
The latitude and longitude
60° 50' 9" N / 5° 55' 17" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad