Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Hardbakke

Solnedgangsbenken i Solund

Sjå sola gå heilt ned i havet, eller opplev naturkreftene på stormfulle dagar. Solnedgangsbenken på Stroka har panoramautsikt til fantastiske naturopplevingar.

Ønskjer du å oppleve ei magisk solnedgang er solnedgangsbenken på Stroka ved Avløyp ein perfekt plass. Solnedgangsbenken ligg ca. 15 minutts gange på merka løype frå hovudvegen. Frå utsiktspunktet får du panoramautsikt til Alden, Lågøyfjorden og Gåsvær. 

Solnedgangsbenken på Stroka er eit tilbod for alle. Her kan du sjå sola gå heilt ned i havet, eller oppleve naturkreftene på stormfulle dagar. 

For å komme seg til solnedgangsbenken tar du av frå FV606 i retning Strand. Køyr ca. 10 minutt til du ser eit skilt med solnedgangsbenken. Herifrå går du i ulent terreng i ca. 15 minutt før du kjem fram til benken. Stien kan vere noko blaut, så det er viktig med gode sko når du går. 

 

Last updated: 03/26/2024

Source: Visit FjordKysten

Solnedgangsbenken i Solund

Sider du nylig har besøkt