Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Tysnes

Solstråleøya friluftsområde

Solstråleøya friluftsområde

På den frodige øya Solstråleøya finn du eit flott friluftsområde. Dette ligg aust i Godøysund.

Her er det toalett, grill og grindabygg. På nordspissen av øya er det kai. Flytebryggje ligg sørvest på øya.

Det er ei fin lita sandfjøre eigna for born vest på øya.

Den gamle oppsynsbustaden, kan leigast etter avtale med Solstråleøya venelag. Kai og informasjontavle på på nedsida av huset. Solstråleøya er ein frodig øy med om lag 20 treslag og gamle spaservegar er rydda. Øya vart gjeve til kongehuset i 1905 etter å ha vore i britisk eige. Etter kong Olavs død gav arvingane øya i gåve til Tysnes kommune, under føresetnad av at eigedomen vart nytta «til friluftsområde for almenheten, men med fortrinnsrett for funksjonshemmede».

Bading og strandlek

På Solstråleøya finn du to kritthvite sandstrender som på ein varm sommardag får tankane til å fly til langt meir eksotiske stader. Begge strendene ligg i store beskytta bukter og det er ikkje uvanleg med høge badetemperaturar. Kommunen og venelaget har også anlagt eigne stupebrett og flytebrygger alle besøkande kan nytte.

Det er og mogleg å overnatte på Solstråleøya.
Det er eitt hus til utleige. Ved huset er det brygge som leigetakarar disponerer. Dersom du ynskjer å leige huset, kan du kontakte Solstråleøya Venelag: +47 418 08 428.

Kilde: Region Sunnhordland

Solstråleøya friluftsområde

Sider du nylig har besøkt