Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Uggdal

Solstråleøya – Godøysund

Den frodige øya med om lag 20 treslag er mest som ein oase.

Stad:
Aust i Godøysund nord i Tysnes kommune.

Areal:
Om lag 19 dekar. Frodig øy med om lag 20 treslag, mange tilplanta. Gamle spaservegar og restar etter tidlegare hus. Øya vart gjeve til kongehuset i 1905 etter å ha vore i britisk eige. Etter kong Olavs død gav arvingane øya i gåve til Tysnes kommune i juni 1991, under føresetnad av at eigedomen vert nytta "til friluftsområde for almenheten, men med fortrinnsrett for funksjonshemmede". Øya er rydda for å få dei gamle spaservegane fram i dagen att. Toalett, fast grill, grindabygg og kai på nordspissen av øya, fleire bord og benkar. Naustet på nordsida er sett istand og er ein del av kystleia. Flytebryggje sørvest på øya. Godøysund er eit fint utgangspunkt for padling ut til Solstråleøya. Aust på øya ligg den gamle oppsynbustaden. Husa på øya vert halde ved like av Solstråleøya venelag og kan leigast etter avtale med venelaget. Kai på nedsida av huset. Informasjonstavle om historien til øya. Solstråleøya Venelag: +47 418 08 428. 

Bading og strandlek

På Solstråleøya finn du strender som på ein varm sumardag kan "transportere" deg til langt meir eksotiske stader. Begge strendene ligg i store beskytta bukter og det er ikkje uvanlig med gode badetemperaturar. Kommunen og vennelaget har og anlagt eigne stupebrett og flytebrygger alle besøkande kan nytte seg av.

Fiske

Solstråleøya og sjøen rundt byr på ein yrande fiskebestand og både frå land og båt kan du fiske. For å sikre at alle besøkande til øya har ei god og trygg oppleving er det sett opp eigne fiskeområder der ein frå land kan fiske med stang utan at det påverkar andre besøkjande. Ved to av dei i alt 4 merka fiskeplassane, er det og sett opp eigne sløyestasjonar. Kommunen og vennelaget ber alle nytte seg av desse plassane då straumane rundt øya sikrar at alt fiskeavfall ikkje gjer sin veg inn til badeplassane.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Solstråleøya – Godøysund

Sider du nylig har besøkt