Solvorn - Nyre





Gå den gamle buførings- og slåttevegen frå Solvorn til Nyre. Sti i lett terreng langs Lustrafjorden, med fine viker og svaberg. Turen gir flott utsyn inn heile Lusterfjorden til Skjolden.
Denne turen går til dei veglause slåtteteigane på Nyre. Med unntak av ein bratt bakke etter ca 200 meter (Kleivabakken), går stien i lett terreng langs fjorden med fine viker og svaberg. Turen gir flott utsyn inn heile Lusterfjorden til Skjolden.
HISTORIE:
Gangstien har vore brukt i mange generasjoner til buføring av husdyr til utmarka og til slåtteteigane langs fjorden.
Stader langs vegen:
Hamnen. Ankringsplass og hamn sidan 1800 talet. I området rundt Hamnen har det vore i alt 8 husmannsplassar.
Mosaviki. Fram til utpå 1970-talet stod her eit lite vassdrive sagbruk. Her var det og to husmannsplassar og frukthage.
Artnes. Restar etter utgraven gravrøys. Her stod og i tidlegare tider ei notturke for brislingnot. Mellom Artnes og Djupeviki finn ein restar etter Solvorn skyttarlag si eldste skytebane.
Nyre. Slåtteteigar i bruk fram til 1960-talet. Vidare utover langs fjorden og oppover i marka er det ei rekke gamle slåtteteigar. Desse var svært viktige for småbruka i Solvorn. Her var og fleire små frukthagar.
- Middels
Kilde: Visit Sognefjord AS
Solvorn - Nyre