VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Vestfold og Telemark TOKKE

Soria Moria Sauna

  • Markensvegen 20, Tokke
  • +47 35075656
  •  /  km From You
Overview
Details

Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

Soria Moria er no open for booking for inntil 6 personar av gongen. 

Presisering av hygienereglar: 

- Alle må gjennom dusj/kroppsvask med vekt på håndhygiene før ein går inn i badstoga 

- Personar med symptom på luftvegsinfeksjon (hostar eller nys) har ikkje adgang. 

- Ha på badetøy og sitt på handkle på benken

BOOK SORIA MORIA 

Om Soria Moria

Soria Moria er eit kunstverk av ei badstoge – blinkande som eit smykke i Bandak!

Soria Moria er den første installasjonen i prosjektet «Vannvegens fortellingar» som er inndelt i 6 delar der kvar av kanalkommunane skal få sitt verk. Det er Telemarkskanalen regionalpark, saman med kommunane, som står bak prosjektet.

I Vannvegens fortellingar skal kunst, arkitektur og ljos brukast som eit verkemiddel i eit heilskapleg konsept for å løfte fram attraksjonskrafta i landskapet og gjere stadene langs kanalen meir synlege. «Den bærande ideen er at tilreisande og folk som bur i området skal oppleve kanallandskapet på ein ny måte» fortel arkitekt David Fjågesund i Feste Landskap/Arkitektur. Fjågesund er ein del av det nordiske designteamet bak prosjektet som også har med ein landskapsarkitekt, lysdesigner og kunstar. http://www.feste.no/soria-moria

Inspirasjonen til badstoga er henta fra omkringliggande landskap og historie. Bygget sin karakteristiske silhuett er ei tolkning av dei skrånande fjellsidene som forsvinn ned i Bandak. Kledningen av spon er inspirert av lokal byggjeskikk og innimellom trespona blinker det av gull. Gullsponen dreg linjer til segn og soger og lokal forteljartradisjon; til det mystiske og underlege. 

«Gullsponen refererar også til kontrasten som oppsto mellom lågmælte telemarkingar og overdådig utanlandsk overklasse under etableringa av Dalen Hotel på slutten av 1800- tallet» forklarar David Fjågesund.

Landskapet rundt vil opplevast som dramatisk anten ein vel å sitje høgt oppe under taket der temperaturen er på sitt varmaste eller på den lågare plasserte benken. Og skulle ein bli for varm, vil ein dukkert i Bandak garantert vere avkjølande!

For alle

Soria Moria skal vere eit samlingspunkt for alle – ein stad for kvile og refleksjon, for møte og samtale. Det vere seg lokalbefolkninga som arrangerar saunakvelder, hotellgjesten som kan rusle i slåbrok gjennom parken, vandraren som kjem ned frå fjellet eller den slitne syklisten etter å ha tråkka oppover kanalen. 

Kor ligg badstoga? 
Badstoga ligg nydeleg til på Dalen i Telemark, ved innsjøen Bandak. Sjå kartet her

Parkering på p-plass for friluftsområde i Markensvegen, så går du ned siste stykket fram til badstoga (200 meter). Parkering for rørslehemma nede ved badstoga etter avtale. 

Kva må ein ha med?

- Handkle, gjerne to

- Badetøy

- Badekåpe om du har 

- Badesandaler eller ullsokkar på vinteren 

- Pose til vått badetøy

- Lue til etterpå viss det er kaldt

- Drikkevatn

Kor mange er det plass til? 

På grunn av koronasituasjonen er badstoga kun open for 6 personar. 
 

Kva er prisen?

Badstoga kan leigast for 2 timar av gangen.

1-6 personar kr. 300,-

Korleis bookar eg?

DU BOOKAR BADSTOGA HER 

Booking og avbestilling 12 timar før. Alle tidspunkt og datoar er oppdatert i kalenderen. Når du har booka får du ei stadfesting på e-post der du får meir informasjon om nøkkelhenting og anna praktisk informasjon. Badstoga er open for booking mellom kl. 08.00 og 24.00,  med siste bookbare klokkeslett frå 22-24. 

Korleis betaler eg?

Når du legg inn bestillinga i bookingkalenderen, betalar du direkte med kort her.  

Gåvekort Soria Moria
Ynskjer du å gje Soria Moria tid til nokon du er glad i? Kontakt oss på e-post info@visitdalen.com eller tlf. 35 07 56 56 så ordnar me det for deg! 

Kor hentar eg og leverer nøkkelen?

Det avtalar me når de har booka tid og tatt kontakt. 

Kan ein drikke alkohol i badstoga?

Ja det er tillatt i moderate mengder inne i sjølve badstoga når du har booka den, men ikkje ute.

Er det toalett og dusj i badstoga?

Nei. Det er eit sanitæranlegg ca. 200 meter frå Soria Moria, ved parkeringsplass der du går ned til badstoga. Dusj, toalett og handikaptoalett. Nøkkel til bygget får du saman med badstogenøkkelen. 

Korleis blir badstoga varma opp?

Badstoga varmast opp av ein Harvia elektrisk badstogeomn med effekt på 33kW. Me sørger for at badstoga er slått på og god og varm til du kjem! 

Sosiale media 

Om du postar bileta dine frå saunaopphaldet på sosiale media og brukar #soriamoria #soriamoriasauna #visitdalen blir me veldig glade, og me kan love deg mange likes! 

Velkommen! 

https://www.facebook.com/visitdalen/

https://www.instagram.com/visitdalen/


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Badstue
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages