Sota Sæter | Turisthytte









Sota Sæter er ei betjent DNT-hytte ved innfallsporten til Breheimen nasjonalpark i Skjåk.
Sota Sæter er ei betjent turisthytte i Skjåk, ved innfallsporten til Breheimen nasjonalpark. Hytta består av i alt 10 bygningar rundt eit flott tun.
På den over 100 år gamle sætra kan du sove godt i eventyrliknande bygningar før du legg ut på tur i Breheimens villmark. Naturen rundt sætra byr på luftige toppturar og dagsturar i ulik lengde. Opplev majestetisk utsikt frå Tverrådalskyrkja, 2088 m.o.h., ta med deg fiskestonga inn til eit idyllisk fjellvatn eller planlegg ein hytte-til-hytte tur. Sota Sæter egnar seg ypperleg for friluftsglade barnefamiliar, da det inngjerda tunet skaper eit trygt og lunt miljø. Om sommaren kan ein vere heldig å treffe både kyr og geit utanfor grinda.
Dersom du ynskjer å bli fleire dagar på Sota Sæter tilbyr dei både guida turar, rafting og juving.
Kjøkenet på Sota Sæter står for kulinariske opplevingar for gjestane. Her er det stort fokus på lokal mat av god kvalitet.
Praktisk:
Hytta har 86 senger fordelt på 2-3-manns rom, større rom og sovesal. Det er bilveg heilt fram til hytta.
Velkomne til fjells!
Kilde: Visit Jotunheimen AS
Sota Sæter | Turisthytte