Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Kviteseid

Soveboks i Fjågesund

Overnatting i soveboks for syklistar og padlarar som ferdast på Telemarkskanalen

Velkomen til Fjågesund 

Soveboksen er tilgjengeleg for booking i frå 13. april og ut kanalsesongen.

BOOK SOVEBOKS I FJÅGESUND

Soveboksen i Fjågesund er eit overnattingstilbod for syklistar og padlarar langs Telemarkskanalen. Soveboksen har plass til 4 personar, køysenger med madrass. Her er ein enkel kjøkkenbenk for matlaging, samt stolar og bord. Det er også toalett tilgjengeleg. Det er straumuttak inne i soveboksen til lading av telefon m.m. Det er ikkje tilgang på drikkevatn, så det må ein ha med. Ta også med sovepose til å ligge i. 

Overnatting i soveboksen kostar kr. 150 per person per natt. Når du bookar soveboksen, er det din private booking i tidsrommet du har booka.

Opphaldet du bookar gjeld for ei natt av gangen. Soveboksen er tilgjengeleg frå kl. 15.00 ankomstdagen til kl. 12.00 neste dag. Om du ynskjer å booke fleire netter er dette sjølvsagt mogleg å gjere i bookingkalenderen. Opphaldet ditt refunderast ved avbestilling 7 dagar før ankomst.

Nøkkelen finn de i kodeboks ved døra. Koden får du når du har booka. Nøkkelen er ditt ansvar å passe på medan du brukar soveboksen. Ved avreise, lås soveboksen og legg nøkkel tilbake i kodeboksen og lukk den.

Bruk møblar og utstyr, men heng det tilbake på veggen innan de reiser vidare.

Etterlat pakkbua i den stand de sjølve ynskjer å finne den! Rydd, og hugs å ta med søpla di.

Vi håpar de får eit fint opphald!  

Arkitektur

Det er Feste Landskap/Arkitektur som har teikna soveboksen, på oppdrag for Telmarkskanalen Regionalpark og i samarbeid med Kviteseid kommune. Les meir om prosjektet.  

Telemarkshistorier - Friluftsliv på første klasse 

Historia
Fjågesund ligg om lag midtvegs mellom Skien og Dalen på Telemarkskanalen. På begge sider av sundet er det bratte fjell med nær loddrette fjellsider.

Akkurat rundt sjølve sundet er landskapet venleg, og namnet Fjågesund betyr det venlege, blide sundet. Det har truleg vore busetnader i Fjågesund i minst 5000 år.

Det eldste oldtidsfunnet i bygda er datert til mellom 3500 f.Kr. og 2800 f.Kr. Også Fjågesund gard er særs gamal. Ut frå plasseringa til garden, storleiken og dateringa av andre gardar i heradet, har ein anslått at garden må ha blitt rydda ein gong i perioden 1 - 550 e.Kr. eller endå tidlegare. 

Soveboks i Bandaksli 
Det er ein tilsvarande soveboks i Bandaksli, den kan du også booke i kanalsesongen. 

Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Soveboks i Fjågesund

Sider du nylig har besøkt