Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Hjelmeland

Spinneriet i Hjelmelandsvågen

  • Hjelmelandsvågen, Hjelmeland
  •  /  km From You
Overview
Details

Spinneriet er eit gamalt industribygg med allsidig historie i Ryfylke, restaurert til kulturformål: Jærstolhistorie, kunstutstilling og kafé på sommaren.  

Spinneriet vart bygd i 1873-74, like ved Hjelmelandsåna.

Eit firma dreiv først ullspinneri. I 2. etasje var dei fleste maskinane plasserte. Vatnet frå elva blei brukt til maskindrift. I tillegg til spinning blei det drive vadmålsfabrikk med kjøp av ull som blei karda, spunne og vove til vadmål. 15-16 personar arbeidde på Spinneriet. Mange kvinner hadde arbeidsplass her.

Nye eigarar overtok bygget i 1912. Då blei det satt i gang bygging av det første kraftverket i Hjelmeland, og spinneridrifta tok slutt. Folk i området fekk elektrisk straum til lys i husa.

Frå 1919 blei Spinneriet brukt til hermetikkfabrikk av ein Stavanger-mann. Då kom det eit tilbygg i betong med ei høg mursteinspipe. Røykinga føregjekk i murbygninga. Drifta blei lagt ned tidleg på 1920-talet.

Jærstolproduksjon
Tidleg på 1930-talet byrja Lorentz Stene Østensen å laga jærstolar på Spinneriet. I 1938 starta Aksel Hansson og Hallvard Slåke jærstolproduksjon her. Medan folk tidlegare handarbeidde jærstolane, byrja produsentane no å bruka meir maskinar. Etter flaumen i 1940, kjøpte Hansson og Slåke den gamle styrarbustaden til Spinneriet og bygde ny stolfabrikk ved Steinslandsvatnet.

Kring 1990 kjøpte kommunen bygget, og det er no restaurert til kulturføremål. Bygget kan leigast og brukast til mange kulturtiltak.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Årstid
  • Sommer

Facts

Season
Summer
Click to activate
Hjelmeland, Norway
The latitude and longitude
59° 14' 11" N / 6° 10' 54" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad