Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Dalen

SPIT - kjærleik og strømper

  • Eidsborg, Tokke
  • +47 35069090
  •  /  km From You
Overview

Ei tekstilutstilling utanom det vanlege. Står til 31. august 2016

“All you knit is love” skreiv Anne Spånem ein gong og påstod at det var det the Beatles eigentleg sang om. I ei stor utstilling freistar Vest-Telemark Museum å bevise påstanden. Utstillinga er laga med utgangspunkt i “fillehaugen” til kunsthandverkar og forfattar Annemor Sundbø, som held til i Setesdal ved Ose vev- og strikkestoge.


Då Annemor overtok strikkefabrikken Torridal Tweed og Ulldynefabrikk ved Kristiansand i 1983, fann ho ein stor haug med “fillur” meint for å bli rive sund i ei stor maskin. Sidan då har ho samla og forska på gamle strikkeplagg. Utstillinga set fokus på strømper, raggsokkar og stasplagg for føtane. Fleire hundre par blir vist fram, i alle tenkjelege fasongar, fargar og mønstre.

I tillegg får du sjå verdas største raggsokk som er nesten 4 m lang. Den blei strikka av kvinner i Det Norske Misjonsselskap i 2004, til feiring av at det var 100 år sidan kvinner fekk stemmerett i organisasjonen.

Sundag 29. mai kl. 16 kjem Annemor Sundbø (bilete) til museet for å fortelje om strikkingas historie generelt, og om strikksokkar spesielt. Ho vil også gje ei eksklusiv omvising i ustillinga. Føredraget er gratis, og inngangen til utstillinga kostar vanleg museumsbillett.


Velkomen til ein tekstilutstilling utanom det vanlege – som står sommaren gjennom heilt fram til 31. august.


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark
Click to activate
Tokke, Norway
The latitude and longitude
8° 1' 10" N / 59° 27' 57" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad