Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Ålesund

Spjelkavik Kyrkje

  • Vestmoa 20, Ålesund
  • +47 70165370
  •  /  km From You
Overview

I Spjelkavik Kyrkje i Spjelkavik har du moglegheit til å se dei fantastiske glasmaleria til Håkon Bleken. Spjelkavik kyrkje er sekskanta, og rundt kyrkja går dei ein krans av glasruter, 16 på kvar vegg. Med 16 ruter på seks veggar, er det i alt 96 glasruter, kvar på ein knapp kvadratmeter.


Gudsteneste kvar søndag kl. 11-12.30. På virkedagar tirsdag-fredag kan det vere gravferd i kyrkja. Opplysning om dette får ein ved å ringje kyrkjekontoret. Elles åpent etter avtale.

Kyrkjelyden arbeidde lenge for å finne eit godt bildeprogram, altså ein disposisjon for utsmykkinga. Etter kvart hamna ein på ei løysing der dei to veggane mot nord skildrar forteljinga om Jesus, frå Maria bodskapsdag til oppstoda.

Dei to veggane mot sør er sett av til forteljingar frå Det gamle testamentet. Veggen mot vest, over inngangspartiet, skildrar forteljinga om den fortapte sonen. Veggen ot aust, over altaret, skildrar apokalypsen og lovsongen for Guds trone. Med dette har vi oppretta det vi kallar håpets akse. Den fungerer slik at når du går inn i Spjelkavik kyrkje, har du forteljinga om den fortapte sonen i ryggen og den himmelske håpet med lovsongen for Guds trone i front. Til venstre og til høgre er du omkransa av bilete frå den store bibelforteljinga.

Den første biletserien (mot nord) skildrar Maria bodskapsdag, Jesu fødsel, den heilage familien og Jesu dåp.

Den andre biletserien (mot nord) skildrar påskeveka frå skjærtorsdag til påskemorgon med nattverden, arrestasjonen i Getsemanehagen, Jesus for Pilatus, krossfestinga og nedtakinga, kvinnene ved grava og den oppstadne Jesus. I tillegg har Bleken etter nedtakinga frå krossen lagt inn eit av varemerka sine, biletet av jødeguten som blir arrestert i Warsawa-ghettoen under verdskrigen.

Den tredje biletserien (mot sør) skildrar forteljingar frå urhistoria, med skapinga, syndefallet og utdrivinga frå paradiset.

Den fjerde biletserien (mot sør) skildrar israelsfolket med forteljinga om Abraham, om flukten frå Egypt, om Moses som får lovtavlene og om kopparormen.

Den femte biletserien (mot vest) skildrar forteljinga om den fortapte sonen.

Den sjette biletserien (mot aust) er sett av til pinsehendinga og forteljingar frå Johannes openberring. Både dei mørke og lyse sidene i Johannes openberring har fått plass i denne serien, men fokuset ligg på Lovsongen for Guds trone, Guds Lam og Livsens tre.


  • Last Updated:
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Click to activate
Ålesund, Norway
The latitude and longitude
62° 28' 9" N / 6° 20' 26" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad