Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg



Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg? Loftet på Uppistog Vindlaus, ein del av Vest-Telemark museum i Eidsborg, er ikkje som alle andre loft. Det har nemleg ei heilt spesiell historie. Ei lang historie.
År etter år har loftet stått ruvande her i Eidsborg. Standhaftig i vær og vind, medan resten av verda har gått sin gang. Men nøyaktig kor mange år? Ser me på laftinga finn me ein teknikk som vart kalla for findalslaft eller findalshogg, som berre i nokre få tilfelle har vore i bruk i Noreg etter svartedauden i 1349.
Eldre blir loftet når me granskar ei runeinnskrift ved døra i andre høgda. Den lyder «Desse runer riste Vestein. Heil (ver helsa) den som riste og likeeins den som rår (tyder)», og er datert til ca. 1300. Men det stoppar ikkje der heller. Dei siste prøvene som er tatt av loftet syner at det truleg er frå 1184. Det er 17 år yngre enn det som kom fram under førre NIKU-datering, men loftet kan framleis kallast eit av dei eldste trebygga i verda.
Sjå 3D-modell av Stålekleivloftet: Stålekleivloftet 3D
Alderen er ikkje det einaste som er spesielt med loftet. Ifylge folketrua er bygningen det fyrste loftet som vart sett opp i Eidsborg, og det var ikke for kven som helst. Rundt 1200 eigde Åse Stålekleiv det meste av bygda, og var særdeles rik. Ho trengde ein stad å huse alt linet sitt, så sønene hennar bygde eit stort loft til dette formålet. Difor er loftet i daglegtale kalla Stålekleivloftet. Området ved loftet vart etter kvart ein eigen gard, kalla Lofthus. Derifrå vart loftet flytta til Vindlaus rundt 1840.
Kilde: Vest Telemark
Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg