Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Vik i Sogn

Stølsheimen - eit av Noregs vakraste turområda

  • +23 15 00
  •  /  km From You
Overview
Details
Meeting Facilities

Denne flotte 2-dagars-turen bør ein ikkje gå glipp av under eit besøk i Stølsheimen landskapsvernområde! Eit fantastisk landskap i kupert terreng med mange vatn og idylliske stølar og stølshus. Stølsheimen er det perfekte turområdet for familiar og andre!

Rute: Bjergane – Selhamar - Åsedalen – Rapen – Selhamar
Bjergane-Selhamar: ca. 2 timer
Selhamar-Åsedalen: 4-5 timer
Åsedalen-Bjergane: 4-5 timer
Total turtid: 2-3 dagar
Total lengde: ca. 36 km
Gradient: Frå 885 m til 1060 m o.h.

Tilkomst:
Med bil frå Vik eller Voss via Rv13 Vikafjellet. Ta av mot vest ved Skjelingen, anleggsveg mot Kvilesteinsvatnet (bom-veg 50 kr). Eller med buss frå Vik eller Voss (Rute 23-503). Gå av bussen ved Skjelingen og gå anleggsvegen til Bjergane.
Meir informasjon: www.ruteinfo.net

Gratis parkering ved Bjergane. Avstandar:
Frå Voss 53 km, frå Vik 32 km, frå Bergen 150 km

Overnatting:
Turen kan bli anbefalt med to overnattingar på turisthyttene Selhamar og Åsedalen.
Meir informasjon om turisthyttene i Stølsheimen: www.bergen-turlag.no

Frå Bjergane går turen gjennom Raudbergdalen og forbi Gryteberget, der folk før i tid karva ut gryter i kleberstein - nokre uferdige står framleis att! Her i frå er det ikkje langt til den sjølbetente turisthytta Selhamar.
Frå Selhamar fylg ein skiltinga til Åsedalen. Ein kjem forbi Raudberget og langs fleire vatn, t.d. Rappavatnet, Geitdalsvatnet og til slutt Hallsetvatnet med stølen Halsetdalen att med. Derfrå går turen vidare til turisthytta Åsedalen (sjølvbetent) på 800 moh.
Frå turisthytta går ein vidare opp Åsedalen og så mot nordaust opp Grautaleitet. På vegen til stølen Rappen går stien opp på 1060 moh. På veg ditt kan ein velje mellom stien som går mellom Killingdalseggi og Jørendalseggi, eller ruta gjennom Dyredalen langs Store Rappavatnet (ikkje merka, men tydeleg sti). Frå Rappen går stien tilbake til Bjergane.

Ein treng fiskekort for å fiske i vatna. Du får det ved bomen i Skjelingen, på turisthyttene og ved Gamle Trevaren i Vik..

Ver forberedt på all slags ver og gå aldri åleine!

Kart:
Turkart 1:50.000 Vik
Turkart 1:100.000 Stølsheimen
Topografisk kart 1:50.000 1316 IV Myrkdalen
Topografisk kart 1:50.000 1216 I Eksingadalen

Nærmaste turistkontor:
Vik Turistinformasjion, Tel. 57 69 56 86, vik@sognefjord.no
Voss Turistinformasjion, Tel.: 40 61 77 00, info@visitvoss.no , www.visitvoss.no


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Rabatt
  • Fjord Pass

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Valutaveksling

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Vandring
  • Jakt og fiske
Sykling
  • Sykkelutleie
Fisking
  • Fiskekort påkrevd

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Bussparkering
  • Parkering
Tjenester
  • Valutaveksling

Aktiviteter

Shopping
  • Smykker
  • Souvenirbutikker
Facility Info
  • Kopimaskin true
Click to activate
Vik, Norway
The latitude and longitude
60° 57' 8" N / 6° 22' 16" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad