Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview

Frå fjord til høgfjell – eit rikt nettverk av merka stiar og hytter.

Frå Bergen: Turen inn i Stølsheimen kan du starte fleire stader i Modalen: frå Mo sentrum, Helland, Straume og Steinsland. Vil du legge bak deg dei fleste høgdemetrane, kan du køyre anleggsvegen frå Steinsland heilt til dammen ved Stølsvatnet. Køyr først E39 nordover til Romarheim, der tek du til høgre inn på FV 569 mot Mo i Modalen. Køyr 31 km på 569 til enden av Steinslandsvatnet, der tek du til høgre og køyrer over ei bruk før du tek til venstre inn på grusvegen som går heilt til fjells. Det er ein parkeringsplass eit kort stykke ovanfor sjølve dammen, og der startar ruta inn til turlagshytta Solrenningen. Turen frå Bergen til dammen ved Stølsvatnet tek normalt 2 timar.


Turkart: Kart frå Statens kartverk 1216 nr. I, II, III og IV (1:50 000). Turkart Modalen og Stølsheimen (1:60 000), Modalen kommune 2004, i handel hos Coop Modalen, kommunehuset i Modalen, Nordhordland Libris i Knarvik og hos Bergen Turlag i Bergen.

Start- og sluttpunkt:  Mo, Hellandsdalen, Straume, Steinsland og Stølsvatn-demninga.

Merking: Informasjonstavle ved fleire av startpunkta. Pilskilt og raud merking undervegs.

Gradering: Blå og raud.

Høgdeskilnad: Varierar etter kva for ei rute du vel.

Berekna tidsbruk: Dei ulike rutene har ulik lengd. Dei kortaste frå 4-5 timar, dei lengste 7-8 timar.

Gode råd: Vel gode sko som tåler litt vatn, sidan stien går over myrete område nokre stader.


I Stølsheimen finn du det mangfaldet som vestlandsnaturen har å by på. Her er bratte lier, frodige stølsdalar og snautt høgfjell. Her er fiskerike vatn, rolege vassdrag og fossar som kastar seg ned fjellsidene.

Modalen er ein naturleg startstad for turar inn i området. Turane kan du starte frå Mo sentrum eller ved å fylgje ein av anleggsvegane som fleire stader ber heilt til snaufjells. Desse vegane har gjort dei ni hyttene som er eigd av Bergen Turlag, lettare tilgjengelege for fleire, både sommar og vinter. Det er fleire stader korte dagsetappar mellom hyttene i Stølsheimen, og området eignar seg derfor godt for barnefamiliar.

Desse turlagshyttene kan du nå frå Modalen:
Skavlabu (960 m.o.h.). Startpunkt: Mo og Hellandsdalen.
Vardadalsbu (890 m.o.h.). Startpunkt: Hellandsdalen, Straume og Steinsland. 
Norddalshytta (1005 m.o.h.). Startpunkt: Steinsland og Stølsvatn-demninga.
Solrenningen (645 m.o.h.). Startpunkt: Stølsvatn-demninga.
Åsedalen (822 m.o.h.). Startpunkt: Stølsvatn-demninga.


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Modalen, Norway
The latitude and longitude
60° 58' 25" N / 6° 13' 6" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad