Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Vossestrand

Stalheim - Nåli

  • +47 40617700
  •  /  km From You
Overview
Details

Lett men luftig tur med fantastisk utsyn over Stalheim, Nærøydalen og Stalheimskleivi.

Denne turen følgjer delvis grusveg og delvis gode stiar. Turen tar omlag 2 timer tur/retur, og vert rekna som ein lett tur som passar turgåarar i alle aldrar.  Det er gode informasjonskilt både ved startpunkt på Stalheim og ute på Nåli. Stigningen er på omlag 250 høgdemeter. Godt fottøy anbefalast. Retur same veg.

Frå Stalheim Hotel går turen opp til Brekkegardane. Rett før første grind tek ein av til høgre, fortset ned bakken og over brua til Sivle. Vegen går vidare gjennom tunet på Sivle og så opp mot Sivleshagen, rett før Sivleshagen tar ein av og fortset på nedsida av den raude hytta og vidare inn i skogen. 

Stien frå Sivleshagen og fram til Nåli er satt i god stand dei seinare åra, og er lett å finna. Husmannsplassen Nåli ligg midtvegs mellom Stalheim og Jordalen, og var bebudd og i drift fram til 1925/1930.  I dag kan ein berre sjå restar etter eit av husa.

Vi anbefalar å ta med seg matpakke, og ta ein pause og nyt utsikten frå ein av dei mange storslåtte rasteplassane undervegs.

Turen er merka heile vegen frå Stalheim.

Lengd: 2,5 km ein veg – 2t tur/retur
Stigning: 250 høgdemeter
Sesong: Juni - oktober
Vanskeligheitsgrad: Blå (moderat)
Startpunkt: Stalheim Hotel
Turkart referanse: Nærøyfjorden 1:50 000 (Ugland IT)


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Utendørs parkering - mot avgift
Tjenester
  • WiFi

Aktiviteter

Shopping
  • Souvenirbutikker

Facts

Effort Level
Medium
Duration
1-4 hours
Season
Summer
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 50' 21" N / 6° 40' 54" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad