Stalheimskleiva

  • Stalheimskleiva
  • Besøk nettsiden

Stalheimskleiva er namnet på vegen i det bratte fjellpartiet innerst i Nærøydalen opp til gardane Brekke og Stalheim. Utsikta er ubeskriveleg vakker! Stalheimskleivi øvre del er stengd for restaurering av vegmurar og stikkrenner. Arbeida vil truleg vare til ut på hausten. I byggjeperioden kan ein ikkje nytta vegen. Det vert lagt til rette for å kunne gå forbi anlegget via Kongevegen som ligg like nedanfor. Traseen vert merkt. Dette er ein sti, og det er ferdsel på eige ansvar.

Attraksjonen mellom fossane!

Stalheimskleiva er ein av dei brattaste vegane i Nord-Europa, bygd i perioden 1842-1846. Den 1,5 km lange vegen slungjer seg i 13 bratte hårnålssvinger mot toppen, der du finn Stalheim Hotel. Her er det ein fantastisk utsikt mot Nærøydalen - eit område på UNESCO si Verdsarvliste. Du får også utsikt mot Stalheimsfossen og Sivlefossen, som ligg på kvar si side av kleiva.

Kilde: Destinasjon Voss